Rådgjevar Bilde

Seniorrådgjevar innan strategi og økonomi

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Rådgjevar Vestland fylkeskommune Sogndal Fulltid
Vestland fylkeskommune Logo

Vestland fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norge
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Merethe Mæland
908 72 622

Søknadsfrist

30. desember 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Har du lyst til å bidra til å fylle ei viktig rolle i samfunnet innan mobilitet og kollektivtrafikk? Vi står framfor store utfordringar og mogelegheiter i det grøne skiftet, og du kan bidra til endringa i eit komplekst og svært spanande fagområde.

Vi er på jakt etter deg som er engasjert i mobilitet og kollektivtransport, og ønsker å kombinere dette med din kompetanse innan økonomifaget, strategifaget og verksemdstyring. Avdelinga mobilitet og kollektivtransport (MOK) i Vestland fylkeskommune (VLFK) lyser ut ei stilling som seniorrådgjevar på heiltid. Stillinga er plassert i seksjonen strategi og eigarstyring.

Mobilitet - og kollektivtransportavdelinga (MOK) har det overordna ansvaret for å ivareta og utvikle eit framtidsretta, miljøvenleg og effektivt mobilitets- og kollektivtilbod for innbyggjarane i Vestland fylke. Seksjon for strategi og eigarstyring (STE) har ansvar for styringskontakt mot utøvande einingar som Skyss, Bybanen AS og Bybanen utbygging. Seksjonen skal og vere bindeledd og legge til rette for god kommunikasjon og informasjonsflyt mellom politisk nivå og dei utøvande einingane, mellom dei administrative einingane, og eksterne samarbeidsaktørar. MOK-området forvaltar eit samla investerings- og driftsbudsjett på om lag 6 MRD NOK årleg.

Seksjonen STE har ansvar for strategisk utviklingsarbeid og innovasjon for mobilitet og kollektivtransport på eit overordna nivå, men arbeidar også noko operasjonelt med å ivareta og vidareutvikle mobilitetsfeltet. Seksjonen har mellom anna ei sentral rolle innan økonomi/finansiering, overordna og på tvers innan mobilitet og kollektivtransport.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra innan strategisk utvikling av området mobilitet og kollektivtransport
    Forvalte og forbetre vår overordna styring innan økonomi og finansiering, for å sikre at VLFK får best mogleg mobilitet og kollektiv for pengane, mellom anna ved å arbeide med strategiske kontantstraumar, budsjett- og økonomiprosessar, og rapportering
  • Styring og utvikling av finansielle eigendelar, og optimalisering innan dette sett opp mot selskapsstrukturar og eigarskapsmodellar
    Bidra innan eigarstyring og verksemdsstyring, gjennom kontroll av aksjeselskap gjennom styringskontakt og samarbeid
  • Bidra i saker innan det kollektivfaglege området
    Bidra med saksførebuing i saker til politisk handsaming, inkludert økonomiske vurderingar og analyse
  • Bidra til å forvalte og utvikle avtaleverk innan MOK-området, inkludert styringssystem med styrande dokumentasjon
  • Vere interessert i og oppdatert på utviklinga av mobilitet- og kollektivområdet i Vestland og på faglege trendar på nasjonalt og internasjonalt nivå

Kvalifikasjonskrav

  • Høgare utdanning primært master/hovudfag, men minimum 4 års høgare utdanning.
  • Ønskeleg med nokre års relevant erfaring, gjerne innan overordna og analytiske oppgåver
  • Økonomifagleg bakgrunn
  • Sterke analytiske eigenskapar
  • Ønskeleg med kjennskap til eit eller fleire av områda; kollektivtransport, leiing og styring i offentleg forvaltning, økonomi og nye forretningsmodellar, berekraft og taksonomi, menneske, økonomi og teknologi i samspel for berekraftig verdiskaping
  • Kompetanse til å sette seg inn i nye løysningar, strukturer og finansielle og økonomiske modeller, og lage gode analyser og underlag mot både underliggande einingar og politisk nivå.
  • Engasjert i måloppnåing og verdiskaping

Om deg

  • Evne til å sjå mogelegheiter og utfordre
  • Systematisk og strukturert
  • Gode samarbeidsevner og eigenskapar for å jobbe på tvers av einingar, nivå og organisasjonsformer
  • Kunne jobbe sjølvstendig og ha god rolleforståing
  • Fleksibel og endringsdyktig i samband med oppgåver og bruk av kompetanse

Vi tilbyr

Hos oss kan du forvente gode vilkår for fagleg utvikling i eit sterkt og inkluderande fagmiljø. Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsvilkår. Andre opplysningar:

- Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
- Stillinga er ei fast tilsetjing i Vestland fylkeskommune
- Arbeidsstad for stillinga vil vere ved eit av våre administrasjonssenter i Bergen, Førde eller Leikanger
- Stillinga er plassert i stillingskategorien seniorrådgjevar
- Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25,2.ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.