Helse Førde Hovedbilde

Psykolog Nordfjord psykiatrisenter

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Psykolog Nordfjord psykiatrisenter Helse Førde Stad Fulltid

Om stillinga

Nordfjord psykiatrisenter har ledig fast stilling for psykolog:

  • 1x100% fast stilling ved Seksjon dag, som tilbyr poliklinisk behandling til mennesker med ulike psykiske lidingar og rusproblematikk.

For å kunne gje eit best mogleg tilbod, legg vi vekt på å ha tilsette med ulik formell kompetanse og erfaring. Psykiatrisenteret består av tre seksjonar: rus, døgn og dag.

Arbeidsoppgåver

Vurdering, utgreiing og diagnostisering av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit

  • Tilby og legge til rette for behandling ut frå den einskilde pasient sine behov
  • Arbeid i tverrfagleg team
  • Vi legg vekt på brukarmedverknad
  • Samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar i 1. og 2. linjetenesta
  • Involvere og følgje opp pårørande
  • Delta i utvikling av tenestetilbodet
  • Psykologar er saman med legane med i tilsynsordninga for somatiske avdelingar ved Nordfjord sjukehus
  • Ein må rekne med reiseverksemd og ambulant arbeid, dette innbefatte vakttelefon til ambulant team

Kvalifikasjonskrav

  • Norsk autorisasjon som psykologspesialist/ psykolog
  • Klinisk erfaring og/eller interesse for arbeid med rusavhengigheit og psykiske lidingar
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Søkarar utanfor skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Om deg

  • Pasientorientert
  • Interesse, motivasjon og engasjement for fagfeltet
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe tverrfagleg
  • Fleksibel og evne til å vere løysingsfokusert
  • Evne til å prioriter oppgåver i en hektisk kvardag
  • Lyst til å utvikle deg saman med oss
  • Personleg eigne vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande avtale
  • Triveleg arbeidsmiljø med engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • For ikkje- spesialister vert det lagt til rette for å fullføre spesialisering
  • Bistand til å skaffe bustad, opplys i tilfelle om behov for dette i søknaden

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Anne-Karin Høgalmen, Seksjonsleiar NPS Dag, (+47) 578 64 588

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Søk på stillinga:Klikk her

Helse Førde Kulturbilde