Straumnettet er grunnlaget for elektrifiseringa – bli med!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Prosjektleiar nettutvikling Sygnir AS Sogndal Fulltid
Sygnir AS Logo

Sygnir AS

Røysavegen 1
6893 Vik i Sogn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Vidar Øvretun
917 08 418

Søknadsfrist

15. august 2022

Om stillinga

Vi har for tida høg aktivitet med nettviklingsprosjekt på regional- og distribusjonsnettnivå, som er grunnlaget for framtidig smart infrastruktur i Sogn. Vi søkjer ingeniør elkraft som skal leie nettutviklingsprosjekt for spenningar innanfor anleggstypane kabelanlegg, kraftliner og nettstasjonar. Som ein av 12 prosjektleiarar i seksjon Nettutvikling, vil du vere med i eit dynamisk team og utvikle smart nettinfrastruktur som digitaliserer og elektrifiserer Norge.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for prosjekt i distribusjonsnett frå start til ferdig leveranse.
    Planlegging, prosjektleiing og prosjektstyring av nettprosjekt.
  • HMS-ansvar og oppfølging av lovpålagte kompetansekrav.
  • Skape godt forhold mellom partnarar/kundar og Sygnir.

Ønska kvalifikasjonar

  • Elkraftingeniør med minimum bachelor elkraft eller fagskoleingeniør elkraft med fagbrev
  • Nyutdanna vil vere aktuelle kandidatar, men gjerne med nokre års prosjektleiarerfaring frå nettutviklingsprosjekt i distribusjonsnett
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Er open for ny teknologi og ønskjer å vere med å utvikle Sygnir og trygg til å vere med å utvikle dataverktøy for å auke intern effektivitet.
  • Likar travel kvardag med ansvar og krav til samarbeid.

Stad: Kontorstad fortrinnsvis i Sogndal, men Lærdal, Aurland eller Vik kan vurderast.

For meir informasjon ta kontakt med avdelingsleiar Vidar Øvretun tlf. 917 08 418

Vi ynskjer betre kjønnsbalanse i konsernet og oppfordrar generelt kvinner til å søkje.

Korleis søkje: Send søknad og CV til jobb@sognekraft.no så snart som råd eller innan frist.

Søknadsfrist: 15. august 2022.