Akvahub AS Hovedbilde

Prosjektleder marin innovasjon og utvikling

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Prosjektleder marin innovasjon og utvikling Akvahub AS Hyllestad Fulltid
Akvahub AS Logo

Akvahub AS

Leirvik 64
6953 Leirvik i Sogn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Asbjørn Dyrkorn Løland
97086259

Søknadsfrist

6. oktober 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Akvahub er ei felles utviklingsavdeling for ni ulike selskap i havbruksnæringa. Vi tilbyr kompetanse og nettverk innan forsking, utvikling og innovasjon med berekraft som grunnpillar.

Du ynskjer å vere ei drivande kraft for ei berekraftig utvikling av havbruksnæringa, og du blir trigga av å kunne mogleggjere innovasjon og utvikling for Akvahub sine eigarar og samarbeidspartnarar.

I dag er vi involvert i fleire nyskapande prosjekt innanfor ulike områder:

  • Landbasert oppdrett av laks, pilotanlegg for Bulandet Miljøfisk AS
  • Utvikle sirkulærøkonomisk utnytting av slam frå landbasert oppdrett
  • Nettverk for lukka, flytande oppdrettsteknologi og landbasert oppdrett
  • Integrert multitrofisk akvakultur (Tarelaks) i samarbeid Sulefisk AS, Engesund Fiskeoppdrett AS og Osland Havbruk AS
  • Pilotanlegg for taredyrking, internasjonalt samarbeidsprosjekt med Seaweed AS
  • Kompetanseheving og rekruttering innan havbruk
  • Møteplassar og nettverkssamlingar med fokus på innovasjon i havbruksnæringa


Arbeidsoppgåver

Di hovudoppgåve vil vere knytt til prosjektet Seaweed Pilot som er eigd av Seaweed AS og støtta av NORA og Vestland Fylkeskommune.


Dette internasjonale prosjektet skal resultere i eit kostnadseffektivt verktøy (pilotanlegg + driftsprotokoll) som kan nyttast av nye og eksisterande taredyrkarar for å evaluere lokalitetar med tanke på potensiale for dyrking av makroalge. Hausten 2021 går 8 pilotanlegg i sjøen på Grønland, Island, Skottland og Norge og desse skal følgast tett opp i samarbeid med våre prosjektpartnarar i desse landa. Data skal samlast inn og erfaringar skal delast!


Prosjektet bidreg direkte til fleire av FNs berekraftsmål og har potensial å hjelpe ei gryande tarenæring ut over Norges landegrenser.


I tillegg har vi fleire aktive prosjekt som også vil krevje di involvering og din entusiasme!

Kvalifikasjonskrav

Du har minimum 3-årig høgre utdanning innan marine eller havbruksretta fag.

Om deg

Vi søkjer deg som kan kombinere din kunnskap om biologi og teknologi og som brenn for å vidareutvikle havbruksnæringa! Du set pris på ein variert arbeidsdag beståande av både kontor- og feltarbeid. Du evnar å sjå forbetringspotensiale og å rigge prosjekt frå ide til gjennomføring.


Berekraft er drivkrafta i alle våre prosjekt, og du vert motivert av å kunne bidra til å utvikle berekraftige løysingar. Vi skal bidra til at våre eigarar og samarbeidspartnarar kan bruke berekraft som eit konkret konkurransefortrinn.

Vi tilbyr

Vi har ledig eit 1-års vikariat med moglegheit for å skape ein ny og fast arbeidsplass i etterkant av vikariatet!


Arbeidsstad er primært Leirvik i Sogn. Ta gjerne kontakt med dagleg leiar Asbjørn D. Løland på mobil +47 970 86 259 eller epost adl@akvahub.no for meir informasjon om stillinga.

Søknad med CV kan sendast til adl@akvahub.no innan 6.oktober 2021.

Akvahub AS Kulturbilde