Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Pedagogisk leiar - Holmedal barnehage | Askvoll kommune | Askvoll | Fulltid |
Holmedal barnehage har frå 15.08.2022 ledig inntil 100% fast stilling som pedagogisk leiar.
Vi søkjer barnehagelærar med fagleg fokus og som er målbevisst, har humor og godt humør, er fleksibel, samarbeidsvillig, sjølvstendig, reflektert og løysingsorientert.
Vi tilbyr løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Pensjonsmedlemsskap i KLP. Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.