Spennande operatørstillingar i landets beste saft- og syltetøyfabrikk

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Operatør Lerum AS Sogndal Fulltid
Lerum AS Logo

Lerum AS

Postboks 159
6851 SOGNDAL
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Bjørn Asle Slinde, Avdelingsleiar Syltetøy
97142197

Søknadsfrist

23. juli 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Lerum AS er i vekst og har ledige faste stillingar i produksjon som operatør, avdeling saft og syltetøy. Vi søker etter dyktige, initiativrike og sjølvstendige personar, som vil vere ein del av laget som er best på saft og syltetøy i landet. Du vil her bli del av eit spennande og moderne miljø, med utfordrande og lærerike oppgåver. Du er velkomen inn i familien.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Ønskeleg med erfaring frå produksjons- eller næringsmiddelverksemder, gjerne fagbrev
  • Teknisk innsikt og interessert i produksjonsprosessar
  • God datakunnskap
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Eigenskapar:

Vår nye medarbeidar verdset Lerum sine verdiar: ekte, stolt, ærleg og engasjert. Vi ønskjer at du skal vere proaktiv og løysingsorientert, og at du kan bidra både fagleg og sosialt. Du må vere interessert i å bidra til å lage saft og syltetøy med den beste kvalieteten og smaken.

Løn etter tariff.