Økonomisjef i Gloppen kommune

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Gloppen kommune Gloppen Fulltid
Gloppen kommune Logo

Gloppen kommune

Grandavegen 9
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Anders Skipenes
578 83 800

Søknadsfrist

11. februar 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga


Vi har ledig 100% fast stilling med tiltreding så snart som råd.

Vi søkjer ein økonomisjef som skal ha det operative ansvaret for å leie og koordinere den samla økonomistyringa i kommunen (budsjett, økonomiplan og rekneskap), med tilrettelegging for gode prosessar, rapportering, økonomiske analysar og oppfølging av politiske vedtak. I tillegg skal du vere ein aktiv bidragsytar i utviklings- og forbetringsprosessar i kommunen.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna budsjett- og økonomistyring
  • Yte fagleg støtte til tenesteområda og budsjettansvarlege
  • Koordinere det daglege arbeidet knytt til rekneskap og budsjett
  • Løpande økonomirapportering internt og eksternt
  • Finansforvaltning, innkjøp og innkjøpsavtalar
  • Saksbehandling innan ansvarsområdet

Kvalifikasjonskrav

  • Høgare økonomisk utdanning
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid, helst innan kommunal sektor.
  • Leiarerfaring
  • Gode IT-kunnskapar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Analytisk, strukturert og resultatorientert
  • Evne til samarbeid og sjølvstendig arbeid

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.