Økonomimedarbeidar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Fulltid

Om stillinga

Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som økonomimedarbeidar frå 01.01.2023.

Stillinga er plassert i stabseining økonomi, som er lokalisert i Stad rådhus på Nordfjordeid. Ein av våre medarbeidarar i stabseininga sluttar etter å ha nådd pensjonsalder, og vi treng derfor å tilsetje ein ny medarbeidar. Stabseining økonomi har ansvar for mellom anna budsjett, rekneskap, fakturering, innkrevjing, finansforvaltning og er ein sentral støttefunksjon for kommunalområda og einingane i kommunen.

Arbeidsoppgåver

  • Daglege arbeidsoppgåver innanfor budsjett og rekneskap
  • Medansvar for å støtte og rettleie dei kommunale einingane i budsjett- og rekneskapsarbeid
  • Medansvar for å følgje opp og halde ved like økonomisystemet og tilhøyrande forsystem
  • Medverke til kontinuerleg effektivisering av budsjett- og rekneskapsarbeidet
  • Medverke til å utvikle og forbetre rutinar og reglement

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning på høgskulenivå med hovudvekt på økonomi
  • Gjerne vidareutdanning innanfor rekneskap og revisjon
  • Godt språk både munnleg og skriftleg
  • Gjerne erfaring frå økonomiarbeid i offentleg eller privat verksemd

Om deg

  • Evne til å organisere arbeidsoppgåvene og følge fristar
  • Evne til å takle mange arbeidsoppgåver og høgt tempo
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Er nøyaktig og tek initiativ til forbetringsarbeid

Vi tilbyr

  • Eit godt fag- og arbeidsmiljø med varierte oppgåver
  • Løn etter kommunalt avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høve til kompetanseheving og vidareutvikling
  • Flyttegodtgjersle dersom du flyttar til kommunen vår

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Vi ber om referansar av nyare dato. Stad kommune har seks månader prøvetid.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For nærare informasjon om stillinga kan du ta kontakt med økonomisjef Ole Starheim.

Ta gjerne kontakt for ein prat!