Vil du jobbe innan fornybar energi? Ledig stilling på rekneskap og økonomi

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Økonomikonsulent Sognekraft AS Vik Fulltid
Sognekraft AS Logo

Sognekraft AS

Røysavegen 1
6893 Vik i Sogn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Bente Vangsnes
90695180

Søknadsfrist

12. november 2021

Om stillinga

Sognekraftkonsernet er i stor utvikling og morselskapet leverer administrative fellestenester innan økonomi til alle selskapa i konsernet.

Arbeidsoppgåver

Ansvarsområde

  • arbeide for gode kundeopplevingar og kvalitet i leveransar og prosessar til økonomiavdelinga sine oppdragsgivarar
  • bokføring, avstemming, periodiske rapportar og deltaking i årsavslutning
  • utarbeide analysar og rapportar som gjev selskapa i konsernet god styringsinformasjon
  • delta i budsjettprosessen og utarbeiding av prognosar
  • samarbeide tett med dine kollegaer i økonomiavdelinga for å kvalitetssikre og optimalisere økonomiprosessane

Kvalifikasjonskrav

Faglege kvalifikasjonar

  • bachelor eller mastergrad innan økonomi, rekneskap eller revisjon og gjerne erfaring frå tilsvarande arbeidsområde
  • god systemforståing og tilnærming til nye system
  • leverer på oppgåver med høg kvalitet innan fristar
  • er analytisk, strukturert og initiativrik
  • god skriftleg og munnleg evne til formidling

Om deg

Personlege eigenskapar
Du kan og likar rekneskapsfaget.. Du jobbar planmessig og sjølvstendig og kommuniserer tydeleg og strukturert med kollegaer og kundar i konsernet. Du er ein lagbyggjar som skapar gode relasjonar og samarbeider på tvers av avdelingar og selskap.

Vi tilbyr

Vi tilbyr ei spennande stilling som økonomikonsulent i eit triveleg og travelt arbeidsmiljø på økonomiavdelinga. Stillinga rapporterer til konserndirektør økonomi og finans.