Om stillinga
NAV Høyanger er lokalisert i Høyanger sentrum, og har 11 tilsette. Vi er del av region Sunnfjord der vi inngår i eit regionalt samarbeid med fem andre NAV kontor. NAV har som overorda mål å gje moglegheiter til arbeid og aktivitet for alle, samt sikre rettar til velferdsytingar. Vårt hovudoppdrag er å bidra til at flest mogleg av innbyggjarane i Høyanger kommune kan vere i arbeid og at arbeidsgjevarane i distriktet vårt får dekka sitt behov for arbeidskraft. NAV-kontoret har ansvar for eit vidt spekter av kommunale og statlege tenester og verkemiddel. Vi løyser oppgåvene våre i tett samarbeid med brukarar, arbeidsgjevarar, ulike tenesteleverandørar og samarbeidspartar.
Vi har ledig 100% fast stilling frå 01.11.23
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming etter gjeldande regelverk, mellom anna lov om sosiale tenester og lov om folketrygd.
- Kartleggje og vurdere behovet til innbyggjarane i møte med NAV
- Arbeidsretta oppfølging av brukarar, inkludert oppfølging knytt til formidling til arbeid, økonomi, familie og bustad
- Rådgjeving og god dialog med brukarar for å finne løysingar saman
- Deltaking i aktuelle samarbeidsforum og ansvarsgrupper
- Samarbeid internt i NAV og eksternt med andre samarbeidspartar
Kvalifikasjonskrav
- 3-årig relevant utdanning frå høgskule/universitet, fortrinnsvis innan fagsektoren helse og / eller sosial. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Gode eigenskapar og erfaring frå rettleiingsarbeid, i dette ligg og å hjelpe brukarar til å sjølve ta hovudansvar for eigne meistrings- og utviklingsprosessar
- Kommunikasjon med brukarar, sakshandsaming og dokumentasjon utgjer ein betydeleg del av arbeidskvardagen. Søkjarar må ha gode norskkunnskaper og god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- God digital kompetanse og evne til å setje seg inn i nye verktøy og være delaktig i den digitale utviklinga i NAV
Om deg
Vi ser etter deg som:
- er positiv, samarbeidsvillig og serviceorientert
- er målretta og arbeider systematisk, både sjølvstendig og i team
- trivst med å ha mykje kontakt med brukarar, arbeidsgjevarar og samarbeidspartar, med evne til å motivere og engasjere.
- har god gjennomføringsevne og er resultatorientert.
- er tydeleg, løysingsorientert, fleksibel og har gode samhandlingsevner.
- tek ansvar for eigen fagleg utvikling og medverkar til eit godt arbeidsmiljø.
- har menneskesyn og haldningar som støtter opp om NAV sin visjon og verdiar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Spennande og meningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- Eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø med aktive, engasjerte og dyktige kollegaer
- Lønn etter tariff
- God pensjonsordning gjennom KLP