Rådgjevar (vikariat)

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Rågjevar NAV (vikariat) Høyanger kommune Høyanger Fulltid

Om stillinga

NAV Høyanger er lokalisert i Høyanger sentrum, og har 11 tilsette. Vi er del av region Sunnfjord der vi inngår i eit regionalt samarbeid med fem andre NAV kontor. NAV har som overorda mål å gje moglegheiter til arbeid og aktivitet for alle, samt sikre rettar til velferdsytingar. Vårt hovudoppdrag er å bidra til at flest mogleg av innbyggjarane i Høyanger kommune kan vere i arbeid og at arbeidsgjevarane i distriktet vårt får dekka sitt behov for arbeidskraft. NAV-kontoret har ansvar for eit vidt spekter av kommunale og statlege tenester og verkemiddel. Vi løyser oppgåvene våre i tett samarbeid med brukarar, arbeidsgjevarar, ulike tenesteleverandørar og samarbeidspartar.
Vi har ledig 100% stilling - vikariat frå snarast og tom 30.11.2023

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming etter gjeldande regelverk, mellom anna lov om sosiale tenester og lov om folketrygd.
  • Kartleggje og vurdere behovet til innbyggjarane i møte med NAV
  • Arbeidsretta oppfølging av brukarar, inkludert oppfølging knytt til formidling til arbeid, økonomi, familie og bustad
  • Rådgjeving og god dialog med brukarar for å finne løysingar saman
  • Deltaking i aktuelle samarbeidsforum og ansvarsgrupper
  • Samarbeid internt i NAV og eksternt med andre samarbeidspartar


Kvalifikasjonskrav

  • 3-årig relevant utdanning frå høgskule/universitet, fortrinnsvis innan fagsektoren helse og / eller sosial. Tilleggsutdanning innan fagfeltet økonomisk rådgjeving er ein fordel. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Gode eigenskapar og erfaring frå rettleiingsarbeid, i dette ligg og å hjelpe brukarar til å sjølve ta hovudansvar for eigne meistrings- og utviklingsprosessar
  • Kommunikasjon med brukarar, sakshandsaming og dokumentasjon utgjer ein betydeleg del av arbeidskvardagen. Søkjarar må ha gode norskkunnskaper og god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • God digital kompetanse og evne til å setje seg inn i nye verktøy og være delaktig i den digitale utviklinga i NAV


Om deg

Vi ser etter deg som:

  • er positiv, samarbeidsvillig og serviceorientert
  • er målretta og arbeider systematisk, både sjølvstendig og i team
  • trivst med å ha mykje kontakt med brukarar, arbeidsgjevarar og samarbeidspartar, med evne til å motivere og engasjere.
  • har god gjennomføringsevne og er resultatorientert.
  • er tydeleg, løysingsorientert, fleksibel og har gode samhandlingsevner.
  • tek ansvar for eigen fagleg utvikling og medverkar til eit godt arbeidsmiljø.
  • har menneskesyn og haldningar som støtter opp om NAV sin visjon og verdiar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Spennande og meningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
  • Eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø med aktive, engasjerte og dyktige kollegaer
  • Lønn etter tariff
  • God pensjonsordning gjennom KLP