Musikkterapeut

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Gloppen kommune Gloppen Deltid
Gloppen kommune Logo

Gloppen kommune

Grandavegen 9
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

John Rune Ødven
47478702

Søknadsfrist

14. august 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vi har ledig 50 % fast stilling som musikkterapeut frå 01.08.22

Arbeidsoppgåver

Den tilsette skal ha ansvar for undervisning av born med særskilte behov på skulane og barnehagane i Gloppen, samt ansvar for ulike musikkterapitilbod til born, ungdom og vaksne på kulturskulen. Det kan og vere aktuelt å lage tilbod til brukargrupper innanfor helse og velferd området i kommunen. Sal av tenester til enkelte brukargrupper kan og verte aktuelt å utvikle.

Det kan vere aktuelt med ein større stillingsprosent om den som er tilsett er villig til å jobbe innanfor andre stillingar i kommunen.

Kvalifikasjonskrav

  • Vi søkjer etter ein medarbeidar med godkjend utdanning som musikkterapeut.
  • Den som vert tilsett bør ha praksis frå arbeid med barn med nedsett funksjonsevne.
  • Den tilsette må ha sertifikat, og rekne med noko køyring i jobben.

Om deg

  • Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
  • Det må leverast politiattest før tiltreding.