Førde Sementvare AS Hovedbilde

Montør på elementavdelinga

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Montør Førde Sementvare AS Sunnfjord Fulltid
Førde Sementvare AS Logo

Førde Sementvare AS

Sandbrekka 13
6813 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Karin Kleppe
938 56 025

Søknadsfrist

28. februar 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Førde Sementvare As er ein av dei leiiande produsentane av betongelement i Vestland og produserer alle typer slakkarmerte produkt i betong. Vi har eiga montasjeavdeling og heile landet som marknadsområde. Vi ønsker å utvide vår montasjeavdeling med ein eller fleire montørar.

Arbeidsoppgåver

  • Montasje av betongelement m.m.
  • Armering/forskaling
  • Støyping
  • Fuging av element

Du vil vere knytt opp til fabrikken i Førde eller Loen, men arbeidet vil medføre ein del reiseaktivitet.

Om deg

  • Er sjølvstendig, ryddig og strukturert
  • Kvalitetsbevisst og har fokus på HMS
  • Har høg arbeidskapasitet
  • Er positiv og engasjert
  • Er fleksibel
  • Du må forstå og kunne snakke norsk

Du har gjerne fagbrev innan forskalingssnikkar, betong- eller tømrarfaget, men det er ikkje avgjerande.

Det er positivt om du har montasjerelaterte kurs som liftkurs, U3, U5, fallsikring, stillaskurs og arbeid nær veg.

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø i ei solid bedrift med god utvikling
  • Lønn iht. bedrifta sitt regulativ
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kompetanseheving

Kandidatar vil bli kontakta fortløpande, så viss dette er ei stilling som er relevant for deg – søk i dag!

Førde Sementvare AS Kulturbilde