Om stillinga
Miljøarbeidertenesta yter tenester til menneske med psykisk utviklingshemming og psykiske lidingar. Nordåsen, Åsateigen, Åsavegen og Myklebusttunet yter tenester til vaksne bebuarar som bur i eigne bustadar med heildøgnsbemanning. Uteteamet bistår menneske som har behov for teneste i eigne bustadar i kommunen. Solsikka er ein avlastningsbustad for barn og unge 0-18 år.
Avdeling Åsateigen/Solsikka har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut, med arbeid kvar fjerde helg.
Arbeidsoppgåver
- Kartleggingsarbeid og primærkontaktansvar
- Sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir følgde
- Ansvar for koordinering og oppfølging av ansvarsgrupper
- Samarbeide med tverrfaglege instansar og pårørande
- Målretta miljøterapi
- Planlegg, gjennomføre og evaluere miljøterapeutiske tiltak
- Journalføring
Kvalifikasjonskrav
- 3 årig helse og sosialfagleg høgskuleutdanning
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Ynskjeleg med erfaring innan målgruppa, men ikkje eit krav
- Gode IKT-kunnskapar
- førarkort
- personlege eigenskapar vektast høgt
Dersom det ikkje melder seg søkjarar med relevant utdanning, kan det vere aktuelt og tilsette andre med interesse for og erfaring frå denne brukargruppa
Om deg
- Vi søkjer etter medarbeidarar som har eit sterkt engasjement for denne brukargruppa, og som kan arbeide sjølvstendig, har pågangsmot og er fleksibel.
- Du har godt humør, god omsorgsevne og flink til å bygge relasjonar.
- Du er pådrivar for å skape ei god teneste og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du er initiativrik lagspelar som balanserer oppgåvene godt.
- Du har evne til å skaffe deg oversikt og jobbe strukturert og planmessig.
- Du er ansvarsbevisst og kan ta sjølvstendige avgjerslar
Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- At du får påverke og bidra aktivt i å skape ei fagleg utvikling innan det miljøterapeutiske arbeidet.
- Engasjerte og kvalifiserte kollegaer.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
- Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding
WebC-ID: 4553016085