Luster kommune Hovedbilde

Miljørettleiar - Indre Hafslo oppvekstsenter

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Luster kommune Luster Deltid

Om stillinga

Indre Hafslo oppvekstsenter har ledig 89 % mellombels stilling som miljørettleiar i perioden 01.08.22-31.07.23. Arbeidstida er 37,5 timar per veke, som utgjer 89 % stilling som følgje av avkorta arbeidsår. Den som vert tilsett er tiltenkt arbeidsoppgåver både i skulen og SFO.

Indre Hafslo oppvekstsenter husar ein barnehage med to avdelingar, skule for 1. – 7. steget og skulefritidsordning. Skuleåret 2022/23 vil det vere 38 elevar ved skulen.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid med einskildelevar, grupper og i klassar på klassestega frå 1.-7. steg.
  • Arbeid i skulefritidsordning før og etter skuletid.

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgskuleutdanning.
  • Me ønskjer personale med ulik bakgrunn og kompetanse som til ein kvar tid reflekterer elevgruppa me har, og erfaring frå ulike former for elevtiltak.
  • Stillinga krev evne til utstrekt samarbeid med kontaktlærar, føresette og elevane sjølve.

Om deg

Vi legg vekt på

  • Personelege eigenskapar og relevant praksiserfaring.
  • At du tek ansvar, initiativ, er positiv og inkluderande.
  • At du ser elevane, og er med dei.
  • Heilskapleg tenkjing omkring ulike elevutfordringar.

Vi tilbyr

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Luster kommune Kulturbilde