Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Bremanger kommune | Bremanger | Fulltid |
Frå august 2022 ønskjer vi å få tilsett 2 lærlingar innan kultur og ungdomsarbeid.
Som lærling innan kultur og ungdomsarbeid vil du få erfaring frå m.a. bibliotekarbeid, ungdomsmiljøarbeid, kulturskule, BUA, kinodrift, idrett, frivilligsentral, grunnskule og barnehage. Eit arbeid som femner heile oppvekstmiljøet til våre barn og unge.
Ei nysatsing i kommunen er noko vi kallar Open skule. Det er tenkt som ein utvida skuledag der elevar frå 7. til 10. klasse er på skulen frå skuleslutt og utover ettermiddagen. Det skal vere ein sosial arena der ein sjølv vel innhaldet, anten om ein berre vil vere sosial eller delta i aktivitetar som t.d. bandspeling, idrettsaktivitetar, spel av ymse slag og matlaging. Dette vil vere ein viktig del av lærlingtida. Vi har tre ungdomskular i kommunen, der det vil vere ein Open skuledag for kvar av desse per veke.
Her vil du få arbeide saman med miljøarbeidarar, bibliotektilsette og lærarar frå kulturskulen og grunnskule i eit spanande og dynamisk miljø.
Våre verdiar: