Lærar - vikariat 2. gongs utlysing

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høyanger kommune Høyanger Fulltid

Om stillinga

Lavik skule har ledig 100 % stilling i tidsrommet 01.08.22 – 31.07.23 for lærar med engelsk for ungdomstrinnet i fagkrinsen.

Politiattest må leggast fram for den som blir tilsett.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i Offentleglova.

Kvalifikasjonskrav

Den som blir tilsett må ha godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen.


Vi ønskjer søkjarar med minimum 60 stp i engelsk. Andre fagønskje i tillegg til dette, er musikk og mat- og helse. Også sterkt ønskjeleg at søkjarar har god digital kompetanse.

Om deg

Vi legg vekt på:

  • God relasjonskompetanse
  • Positivitet
  • Fagleg engasjement
  • Fleksibilitet
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Høve til kompetanseutvikling
  • Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”.
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale