Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Bremanger kommune | Bremanger | Fulltid |
Davik oppvekst er ein 1-10 skule, med ca. 70 elevar. Vi har ledig ei 100% fast stilling som lærar frå 01.08.2022
Dette er ein jobb som passar godt for deg som er glad i å jobbe tett saman med elevane, kan jobbe sjøvstendig og er klar for nye utfordringar.
Vi kan og tilby mentor-ordning for nytilsette.
Dersom du vil bu i bygda, eller i ei av nabobygdene, kan vi hjelpe deg å finne ein plass å bu ved sjø eller fjell.
Ved utveljing vektlegg vi søkjarar som er/har:
• høg relasjonell kompetanse med gode samarbeids- og formidlingsevner
• faglig kompetent, utviklingsorientert og oppdatert på eiga fagfelt
• tydeleg klasseleiar
• positiv, engasjert og høgt motivert
• bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø
• god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt
Lønn og tilsettingsvilkår
Det blir stilt krav om politiattest ved tilsetting.
Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglement og overeinskomstar.