Lærar - Eid ungdomsskule og Nordfjordeid skule

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Fulltid
Stad kommune Logo

Stad kommune

Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Peder Felde/Anne Grete Eikås
97032761/95906237

Søknadsfrist

28. august 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Stad kommune har ledig 100% engasjement som lærar ved Eid ungdomsskule og 100% engasjement som lærar ved Nordfjordeid skule frå snarast til 31.07.2023.

Eid ungdomsskule ligg i sentrum av Nordfjordeid. Skulen vil skuleåret 2022-2023 ha ca. 265 elevar.
Nordfjordeid skule ligg i sentrum av Nordfjordeid. Skulen vil skuleåret 2022-2023 ha ca. 315 elevar frå 1.-7. trinn.

Vi er opptekne av at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Dei tilsette er positive til utvikling og arbeider tett saman i team.

Fagønskje: Brei fagkompetanse spesielt i basisfaga, grunnskulelærar 1-7, grunnskulelærar 5-10 / allmennlærar, gjerne med utdanning innan spesial- eller sosialpedagogikk.

Det kan bli fleire ledige stillingar ved skulane for skuleåret 2022/2023.

Meir informasjon om skulane finn du på nettstaden www.stad.kommune.no.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere opplæringa
  • Leie læringsarbeid i klasse og gruppe
  • Samarbeid med føresette og ev andre samarbeidspartar
  • Team- og tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonskrav

  • Vi ser etter deg som likar å jobbe med barn og ungdom, som har god relasjonskompetanse og evne til å skaper trygge og føreseielege dagar for elevane
  • Du som har blikk for den einskilde, men også for det som må til for fellesskapet for å skape eit trygt og godt læringsmiljø for elevane.
  • Vi søkjer lærar med brei fagleg kompetanse, grunnskulelærar 1-7 og 5-10/allmennlærar, og gjerne med kompetanse innan spesial- eller sosialpedagogikk. Andre kvalifiserte søkjarar med anna relevant høgskuleutdanning vil også bli vurderte

Om deg

  • Kan leie klasser og grupper på ein god og inkluderande måte
  • Er god til å skape trygge relasjonar til enkeltelevar og elevgrupper/klasser
  • Gode samarbeidsevner og vilje til å arbeide i team
  • Er sjølvstendig og systematisk
  • Har god vurderingsevne og god rolleforståing
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Er utviklingsorientert
  • Gode kunnskapar innan IKT

Vi tilbyr

  • Godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høve til fagleg utvikling

Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt oppgir undervisningsrelevant referanse av ny dato.

Skriv gjerne i søknadsteksten om du berre søkjer på ein av skulane.

Stad kommune har seks månader prøvetid. Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest av nyare dato.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For meir informasjon om stillinga kan du ta direkte kontakt med:
Eid ungdomsskule v/rektor Peder Felde
Nordfjordeid skule v/rektor Anne-Grete Eikås