Sparebanken Sogn og Fjordane Hovedbilde

Kunderådgjevar privatmarknad Florø

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sparebanken Sogn og Fjordane Kinn Fulltid
Sparebanken Sogn og Fjordane Logo

Sparebanken Sogn og Fjordane

Langebruvegen 12
6800 FØRDE
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Ole Aukland
93 23 26 05

Søknadsfrist

31. januar 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vi veks, og søkjer derfor etter ny rådgjevar til vårt kontorVi har fokus på å gi kunden den beste rådgjevinga - i kombinasjon med god lokalkunnskap er dette Sparebanken Sogn og Fjordane si største styrke.
Vi veks, og søkjer derfor etter ein dyktig kunderådgjevar til vårt kontor i Florø.

Arbeidsoppgåver

Du vil få ansvar for å følgje opp og utvikle eiga kundeportefølje gjennom god rådgjeving og tilpassa produkt, både til eksisterande og nye kundar.

Kvalifikasjonskrav

Vi ser etter deg som er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt. Du er god på å sjå behov og å finne dei riktige løysingane for kundane.

Om deg

Du har ei solid vurderingsevne og er trygg og tydeleg i relasjon med kunden. Du trivst med å vere ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid. Det er ein fordel med erfaring frå bank.?

Vi tilbyr

Som arbeidsgjevar kan vi tilby interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ein innovativ og framtidsretta bank, med eit godt arbeidsmiljø og eit sterkt fagmiljø. Vi tek godt vare på dei tilsette og har fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, og vi har konkurransedyktig løn og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.

For informasjon om stillinga kontakt banksjef Ole Aukland, tlf 93 23 26 05

Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.

Sparebanken Sogn og Fjordane Kulturbilde