Hyllestad kommune Hovedbilde

Kulturkonsulent

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Hyllestad kommune Hyllestad Fulltid

Om stillinga

Hyllestad kommune har ledig ei spennande stilling som kulturkonsulent frå snarast.

Stillinga sitt arbeidsområde vil vere innafor kulturområde i eit breitt perspektiv og som leiar av Hyllestad frivilligsentral.

Vi søkjer etter deg som er kreativ, fleksibel, nytenkande og serviceinnstilit, og har eit tydleg fokus på fagleg kompetanse. Godt samarbeid med organisasjonsliv, prosjektarbeid og utvikling ser vi som viktig del av oppdraget. Hyllestad kommune sin visjon "Inkluderande og attraktiv" vil vere retningsgivande for arbeidet framover.

Kommunen ønskjer å stimulere til frivillig arbeid gjennom lag- og organisasjonar, men også den nyetablerte frivilligsentralen. Hyllestad kommune sin visjon er "Inkluderande og attraktiv", der fokuset er å arbeide for at alle blir inkludert på ein god måte, og at ein dermed også blir ein meir attraktiv kommune å bu i. Vi søkjer ein person som tek ei aktiv rolle, og som ønskjer å utvikle kommunen i den retninga visjonen peikar ut.

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming knytt til kulturområdet
  • Handsamie søknader om tilskotsmildar til anlegg for idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og kulturbygg
  • Følgje opp og rullere/revidere plan for kultur
  • Vere ein fagressurs innan kultur og idrett inn mot ulike kommunale prosessar og planar
  • Leiar for Hyllestad frivilligsentral
  • Etablere "Bua", følgje opp fritidsklubben, Den kulturelle skulesekken (DKS), Den kulturelle spaserstokken (DKSS), bygdekinoen m.m.
  • Kontakt og samarbeid med lag og organisasjonar
  • Sekretær for ungdomsrådet

Kvalifikasjonskrav

  • Ønskjeleg med bachelor i kulturrelaterte fag, alternativt innan idretts- og friluftsfag
  • Relevant praksis innan arbeidsområdet, gjerne frå offentleg sektor
  • Oppdatert innan IT-feltet og sosiale medier, kan handtere ulike webportalløysingar
  • Lang relevant erfaring frå området kan kompensere for manglande høgare utdanning
  • Førarkort klasse B

Om deg

  • Du er kreativ, fleksibel og nytenkande
  • Du er god på samhandling
  • Du trivst å jobbe aktivt med målgruppene og i samarbeid med andre
  • Du kommuniserer lett og presist på ein enkel måte, både munleg og skriftleg
  • Du har god gjennomføringsevne
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å kunne gjere ein forskjel i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag.
  • Opplæring i arbeidsoppgåvene.
  • Fagleg utvikling i ein organisasjon i omstilling.
  • Fleksitidsordning.
  • Løn etter tariff.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP (2 % av løna vert trekt til pensjon).
  • Hjelpt til å finne bustad om det er naudsynt.
  • Bustadtilskot til førstegangsetablerarar.
  • Reduserte betalingssatsar i barnehagen.
  • Gratis trening i Hyllestadhallen (styrke- og spinningsrom).
Hyllestad kommune Kulturbilde