Kommunikasjonsrådgjevar  Bilde

Kommunikasjonsrådgjevar

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Kommunikasjonsrådgjevar Høgskulen på Vestlandet Sunnfjord Fulltid
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil

Kontakt

Svein Ove Eikenes
91 61 65 20

Søknadsfrist

29. mai 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Høgskulen på Vestlandet har ledig ei fast stilling i 100 % som kommunikasjonsrådgjevar i Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt

Avdelinga har ansvar for å legge til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi har og eit overordna ansvar for at HVL har ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt. Avdelinga er samstundes pådrivar og tilretteleggjar for
kunnskapsutvikling og innovasjon gjennom god samhandling med samfunns- og arbeidsliv.

Stillinga er lagt til ein av våre campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord eller Haugesund.

Arbeidsoppgåver

Som rådgjevar får du eit særskilt ansvar for kommunikasjonstøtte for eitt av fakulteta ved høgskulen. I stillinga vekslar du mellom strategisk, rådgjevande og operativt arbeid, og arbeidsoppgåvene spenner over mange ulike kommunikasjonsaktivitetar. Du vil mellom anna jobbe med å produsere, publisere og vedlikehalde innhald i HVL sine kanalar, du vil gi leiarstøtte og du vil ta del i ulike prosjekt i avdelinga eller på tvers av høgskulen.

Kvalifikasjonskrav

Formell utdanning og kompetanse:

Søkjar må ha høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelorgradsnivå, helst masternivå, og eit stort engasjement for høgskulen sitt samfunnsoppdrag.

Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha god skriftleg uttrykksevne, spesielt på nynorsk. Du må ha god forståing for digitale kommunikasjonsflater.

Erfaring frå forskings- og utdanningssektoren er ein fordel.

Om deg

Vi ser etter ein omgjengeleg, initiativrik og produktiv medarbeidar med god arbeidskapasitet som meistrar balansen mellom det å vera operativ med dagleg innhaldsproduksjon og strategisk planlegging og rådgjeving. Personlege eigenskapar blir tillagd stor vekt, og våre medarbeidarar skal bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Den beste kandidaten har dokumentert ei god strategisk kommunikasjons- og formidlingsevne, er positiv, fleksibel, serviceinnstilt og engasjert.


Vi tilbyr

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som kommunikasjonsrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.


Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Svein Ove Eikenes, tlf 91 61 65 20


Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)

Om oss

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt har ansvar for å legje til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og sørgje for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt. Avdelingen er pådrivar og tilrettelegjar for kunnskapsutvikling og innovasjon gjennom god samhandling med samfunns- og arbeidsliv.

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde