Stryn kommune Hovedbilde

Kommunalsjef Samfunnsutvikling

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stryn kommune Stryn Fulltid
Stryn kommune Logo

Stryn kommune

Stryn, Norge
6783 Stryn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Kommunedirektør Jon B Nesje/ Plan- og næringssjef-konst kommunalsjef Geirmund Dvergsdal
57 87 47 00

Søknadsfrist

31. januar 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Stryn kommune har valt å samle tekniske tenester, plan, kart og oppmåling, næring og beredskap under felles leiing. Dette for å samordne og forenkle tenestetilbodet. Vi søker difor etter ein samfunnsengasjert, handlekraftig og resultatorientert leiar som blir sentral i arbeidet med å utvikle kommunen i samhandling med ulike samfunnsaktørar.

Kommunalsjefen er ein del av kommunedirektøren si leiargruppe som skal følge opp politiske og administrative avgjerder. Kommunalsjefen skal vere med å utvikle kommunen sine tenester, arbeidsgjevarpolitikk og samfunnsrolle.

Kommunalsjefen har også det overordna fag- og økonomiansvaret for sektoren.

Stryn kommune er kjend for dei innovative og utviklingsorienterte verksemdene, og dei mange og aktive frivillege laga og organisasjonane.

Velkomen som kollega i ein av Norge sine beste kommunar å bu i, med naturopplevingar som Briksdalsbreen, Lodalen, Loen skylift innan kort avstand.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver
  • Leie arbeidet med å koordinere og utvikle tilsette og arbeidsprosessane i sektoren
  • Som deltakar i leiargruppa påvirke og sikre at organisasjonen når sine mål
  • Samhandling med samfunnsaktørar
  • Overordna budsjett-/økonomistyring og ansvar for følgjande tenesteområde:

Planarbeid
Dekker fagområda overordna plan, regulering og byggesak, folkehelse, miljø og bærekraft.

Kommunalteknikk
Har ansvar for drift og vedlikehald, anlegg, vegar, idrett og grøntområde, vatn, avløp og utbyggingsprosjekt.

Kart- og oppmåling
Har ansvar for gjennomføring av kart- og oppmålingsforretningar, ajourhald av kartbasar, eigedomsskatt og sal av kommunale bustadtomter m.m.

Næring/ verksemd
Har ansvar for oppfølging av strategisk næringsplan og næringsinitiativ, stadsutvikling, utadretta fokus på samfunnsutvikling i samarbeid med ulike verksemder lag og organisasjonar

Brann og beredskap
Har ansvar for førebyggande arbeid, t.d. tilsyn av større bygg - § 13 tilsyn, og feiing / tilsyn av bustadhus. I tillegg kjem beredskapsarbeid som t.d utrykningar til brann, trafikkuhell, helseoppdrag og utarbeiding av beredskaps- og innsatsplanar.

Stryn kommune Kulturbilde