Askvoll kommune Hovedbilde

Kommunalsjef helse og omsorg

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Askvoll kommune Askvoll Fulltid

Om stillinga

Askvoll kommune er organisert i ein kommunalsjefmodell, der helse og omsorg omfattar sjukeheim, heimeteneste, psykisk helse, rusteneste, bu- og miljøteneste, helsestasjon, fysioterapi og legesenter. Stillinga inngår i kommunedirektøren si leiargruppe


Vi søkjer etter ein leiar som er utviklingsorientert, ser heile biletet og som ynskjer å utvikle gode tenester for innbyggjarane i kommunen.

Arbeidsoppgåver

  • overordna fagleg, økonomisk og personalansvar for helse- og omsorgstenestene.
  • drive fagleg utviklingsarbeid i sektoren
  • sikre god samordning av dei økonomiske og menneskelege ressursane
  • medverke til god resultatutvikling i høve vedtekne mål
  • medverke til at sektoren vert ein god og utfordrande arbeidsplass for alle tilsette
  • utvikle gode samarbeidsforhold mellom einingane i etaten og med resten av kommuneorganisasjonen.
  • ta aktiv del i interkommunalt samarbeid

Kvalifikasjonskrav

  • Helse-/sosialfagleg utdanning på høgskulenivå
  • Tilleggsutdanning innan personalleiing og økonomistyring på høgskulenivå
  • Arbeidserfaring frå desse områda
  • Det er ein fordel med erfaring frå kommunal verksemd

Om deg

  • Resultatbevisst, strategisk og ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Evne til omstilling og nytenking

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Ein spennande og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • Ein velfungerande organisasjon med dyktige medarbeidarar