Fiskeridirektoratet Region Vest Hovedbilde

Fiskeridirektoratet søker løysingsorientert jurist

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Jurist Fiskeridirektoratet Region Vest Kinn Fulltid
Fiskeridirektoratet Region Vest Logo

Fiskeridirektoratet Region Vest

Gate 1, nr. 108
Måløy
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Leni Marie Lisæter
990 29 461

Søknadsfrist

15. mai 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Akvakulturnæringa er i vekst, og får ei stadig viktigare samfunnsøkonomisk rolle. Dette stiller store krav til Fiskeridirektoratet som forvaltingsmyndigheit. Fiskeridirektoratet har i dag fem regionar og region Vest er lokalisert i Vestland fylke. Fylket har ein omfattande akvakulturproduksjon med ulike selskap som driv oppdrett av laks, regnbogeaure, blåskjel, tare og marine artar på rundt 450 lokalitetar.

Regionen har 31 tilsette fordelt på to seksjonar. Regionen har to kontor, eit i Måløy og eitt i Bergen. Stillinga er på kyst- og havbruksseksjonen og har oppgåver knytt til akvakulturtilsyn. Kontorstad er Måløy i Kinn kommune. Kinn kommune har flyplass og har kommunikasjonsmoglegheiter med båt til Bergen og Florø. Vi nyttar og Anda(Sandane) og Hovden(Ørsta) flyplass i jobbsamanheng. Når Stad skipstunell er ferdig blir vi og nærare knytt til Sunnmøre og Ålesund. Vi har i dag tilsette i Måløy som dagleg pendlar frå Stadlandet, Nordfjordeid og Kalvåg.

Fiskeridirektoratet er inne i ein omorganiseringsprosess, slik at det på sikt vil bli funksjonsbasert organisering. Dette vil bety større og spissa fagmiljø og arbeid på tvers av dagens regiongrenser.

Vi utviklar og stadig dei digitale verktya og vi bruker mykje teams i samhandling mellom kontora våre over heile landet. Rett person må difor være forberedt på å være både løysingsorientert og endringsvillig når ein søker på stillinga.


Arbeidsoppgåver

  • klagehandtering
  • juridiske vurderingar
  • dispensasjonssøknadar
  • oppfølging av rømmingshendingar
  • internkontrollrevisjonar
  • vurdering og behandling av lovbrotsgebyr
  • uttale i samband med høyringar om endring av forskrift
  • sikre likebehandling og bruk av skjønsmessige vurderingar i bruk av reaksjonar

Andre oppgåver må påreknast.


Kvalifikasjonar

  • master i rettsvitskap/juridisk embetseksamen
  • nyutdanna blir oppfordra til å søke
  • relevant erfaring er ynskjeleg, fortrinnsvis frå offentleg forvalting og saksbehandling
  • kjennskap til akvakulturnæringa
  • interesse for miljømessig og bærekraftig forvalting
  • gode evner i å utrykke seg skriftleg og munnleg
  • førarkort for personbil


Eigenskapar

  • stor arbeidskapasitet
  • gjennomføringsevne
  • evne til å jobbe tverrfagleg og på tvers i organisasjonen
  • fagleg integritet og respekt for fagkompetansen til andre
  • evner til å dele kunnskap og erfaring
  • følge retningslinjer for offentleg tilsette basert på objektiv saksgang og fagkunnskap
  • omstillingsevne og endringsvilje
  • god kjennskap til bruk av digitale verktøy
  • vilje til å ta ansvar for eiga læring i organisasjonen ved endring og utvikling


Vi tilbyr

  • løn som rådgjevar /seniorrådgjevar 550.000 til 700.000,- per år avhengig av utdanning og tidlegare praksis. For spesielt kvalifiserte søkarar kan ein vurdere høgre løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • utfordrande oppgåver på eit fagfelt i stadig utvikling
  • fleksibilitet med omsyn til heimekontor
  • godt arbeidsmiljø med sosialt fellesskap og breitt fagfelt


Spørsmål om stillinga

Seksjonssjef kyst- og havbruksseksjonen Leni Marie Lisæter, telefon 990 29 461

Regiondirektør Roger Aasarmoen, telefon 959 18 129

Fiskeridirektoratet Region Vest Kulturbilde