Juridisk rådgjevar

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Juridisk rådgjevar Sogndal kommune Sogndal Fulltid

Om stillinga

Vi søker deg som har særskilt interesse for offentleg rett. Du vil få ei viktig rolle i arbeidet med å sikre kvalitet i saker, og vere ein sentral rådgjevar i organisasjonen!

I avdeling Personal- og organisasjonsutvikling er det ledig 100% stilling som juridisk rådgjevar. Avdelinga har ansvar for saker knytt til IKT, lønn, kommunikasjon og personal. Avdelinga har og vil få ei aktiv rolle i utvikling av kommunen.

Som juridisk rådgjevar vil arbeidsoppgåvene vera rådgjeving og rettleiing av avdelinga si sakshandsaming, sjølvstendig sakshandsaming i enkeltsaker, samt å gje leiarstøtte til rådmannen og kommunen sine leiarar. Rådgjevaren vil både jobbe internt med saker i avdelinga, men også i stor grad på tvers av dei ulike sektorane.
Ein ser føre seg at stillinga vil ha fleire sakshandsamings -og rådgjevingsfunksjonar innan felta personalfelt, innkjøpsfelt, konsultasjon knytt til faglege problemstillingar i samband med generell kommunal tenesteproduksjon, innbyggjarklager med vidare.
Stillinga kan bli tillagt oppgåver innan alle fagfelt i kommunen ut frå behov.


Kvalifikasjonar:
• Juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap.
• Minst 3 års erfaring frå arbeid knytt til offentleg forvaltning, lov- og avtaleverk i offentleg sektor.

Det er ein fordel med:

• erfaring med prosessarbeid og saksframstilling for politiske utval eller styrande organ.
• gode IKT-kunnskapar.
• god skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk.
• god relasjonskompetanse i tillegg til gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
• god kjennskap til avtaleverket i KS-området.
• god kjennskap til offentleg rett

Eigenskapar:
• Evne til å arbeide både strategisk og operativt.
• Nøyaktig og strukturert, med høg integritet.
• Trivst med varierte faglege utfordringar
• God rolleforståing
• Du får til samskaping og tek ansvar på tvers av fagområde.
• Deler av eigne, og er open for andre sine, tankar, idear og innspel.
• Positiv, proaktiv og engasjert.


Arbeidsoppgåver:
• Intern rådgjeving, rettleiing og kvalitetssikring i juridiske spørsmål innan kommunen sine ulike fagfelt
• Gje råd, rettleiing og opplæring til tilsette, leiarar og politiske organ, med særskilt merksemd på forvaltningslova, kommunelova og offentleglova
• Sakshandsaming og klagehandsaming, også førebuing av saker til politisk handsaming
• Utarbeide og vedlikehalde juridiske dokument og malar for verksemda.
• Utgreiingar, utarbeiding og forhandling av kontraktar
• Stillinga kan bli tillagt oppgåver innan alle fagfelt i kommunen ut frå behov

Me tilbyr:
• Eit godt miljø med utfordrande oppgåver, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst.
• Gode pensjons- og forsikringsordningar.
• Gode velferdsordningar.
• Fleksible arbeidstidsordningar.
• Løn etter avtale.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.