Institusjonskokk - Seljetunet

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Fulltid

Om stillinga

Seljetunet omsorg og rehabilitering har ledig 100% fast stilling som institusjonskokk.

Seljetunet utfører tenester til bebuarar i institusjon og bufelleskap lokalisert på seljetunet. Seljetunet har totalt 46 bustadar(29 bustadar for langtidsopphald i institusjon og 16 bemanna omsorgsbustadar). Vi har tre avdelingar for langtidsopphald, der den eine avdelinga er spesielt tilpassa bebuarar med behov for skjerming i kvardagen. I tillegg har eininga 6 senger til avlastingsopphald og korttidsopphald.


Hovudkjøkkenet i Ytre del av Stad kommune leverer mat til Seljetunet og til alle heimebuande i ytre del.

På kjøkkenet vil du bli ein viktig del av eit arbeidsmiljø med 3 kollegaer, ein jobbar teitt på kvarandre og personlege eigenskapar som understrekar godt samarbeid og kommunikasjonsevner vert prioritert i tilsetjinga.

Stillinga som kokk har idag dagarbeidstid og er organisert utan helgearbeid. Stillinga vil inngå i ei til kvar tid gjeldane arbeidstidsordning utifrå behov i eininga. Som tilsett i eininga vil du arbeide tverrfagleg saman med andre tenester for å gi eit best mogleg fagleg tilbod, du vil kunne utvikle deg og få påverke eigen arbeidskvardag.

Er du innovativ, jobbar for kontinuerleg forbetring, og kan bidra med nye idear og perspektiv i utvikling av tenesta? Då ynskjer vi akkurat deg med på laget !

Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. Vi er opptekne av å utvikle tenestene i tråd med nasjonale føringar for morgondagens eldreomsorg. Vi legg vekt på å arbeide målretta med kompetanseutvikling og eit best mogleg arbeidsmiljø for våre tilsette og legg vinn på god livskvalitet for bebuarane.


Sjekk oss gjerne ut på facebook:
Seljetunet eller Kokkane på seljetunet

Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av alle typer mat, hovudsakleg sousvide, kok/server og kok/kjøl.
  • Reinhald etter gjeldande kvalitetskrav og lovverk
  • Varemottak
  • Forfallande arbeid
  • Rettleiing til medarbeidarar i høve ernæring til bebuarar på institusjon og i heimetenesta

Kvalifikasjonskrav

  • Fagbrev som kokk/institusjonskokk
  • Gjerne relevant praksis og/eller vidareutdanning og kurs
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Kjennskap til IK-mat og HACCP.
  • Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga

Om deg

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Interesse og glede av å arbeide med matglede til eldre
  • Er fleksibel og tek initiativ
  • Interesse for forbetringsarbeid
  • Sjølvstendig og evnar å ta avgjersler
  • Er reflektert og har evne til å gje etisk og fagleg rettleiing

Vi tilbyr

  • Godt og nært tverrfagleg samarbeid
  • Høgt fokus på å ha eit godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lokalt og sentralt avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leverast før start i stillinga.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med einingsleiar Annette Hovden.