Vik Ørsta AS Hovedbilde

Vil du bli ein del av vårt team for teknisk teikning og utvikling?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Ingeniør/teknisk teiknar Vik Ørsta AS Vik Fulltid

Om stillinga

Vik Ørsta er på jakt etter ein motivert og omgjengeleg ingeniør/teknisk teiknar som vil vere med på å vidareutvikle vår tekniske avdeling i Vik i Sogn.

Eit rekkverk er ikkje berre eit rekkverk, men skal bidra til å redde liv i trafikken. Vi treng di hjelp for å nå visjonen om 0 drepte og hardt skadde i trafikken!

Stillinga byr på utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.

Hovudoppgåver vil vere:

  • Utarbeide teknisk underlag for vår eigen produksjon.
  • Jobbe for kontinuerleg forbetring av teikningar og system.
  • Delta i utviklingsprosjekt, nyskaping og innovasjon.


Vi ser etter deg som:

  • Har teknisk kompetanse.
  • Jobbar strukturert.
  • Har gode kommunikasjonsevner.
  • Har gode haldningar og lyst til å lære.

Det er ein fordel om du har utdanning og/eller erfaring innanfor teknisk teikning, ingeniørarbeid eller tilsvarande.

Dersom du har driv til å vere med på veg framover, integritet til å navigerer handlingane dine etter og omtanke for folk, så passar du godt inn hos oss!


Om søknaden

Søknad, CV og relevante vedlegg sendast via lenke på denne sida. Har du spørsmål om utfylling av CV? Kontakt gjerne Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20.

Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt gjerne teknisk sjef Jan Olav Hoggen, tlf. 951 70 854 .