Helsefagarbeidar ved Miljøarbeidertenesta

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Gloppen kommune Gloppen Deltid
Gloppen kommune Logo

Gloppen kommune

Grandavegen 9
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Synnøve Marie Hestenes
578 83 800

Søknadsfrist

5. august 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Miljøarbeidartenesta yter tenester til menneske med psykisk utviklingshemming og psykiske lidingar.

Miljøarbeidartenesta har ledig 80 % fast stilling som helsefagarbeidar ved avd Åsateigen. 3 delt turnus, der 30 % av stillinga er nattevakter, 50 % langvakter, arbeid kvar 4-helg.

Arbeidsoppgåver

  • Helse- og omsorgstenester til våre brukarar
  • Kartleggingsarbeid og primærkontaktansvar
  • Målretta miljøterapeutisk arbeid
  • Bistand i alle dagleglivet sine gjeremål
  • Gjennomføring av faglege tiltak
  • Journalføring og planarbeid

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisert helsefagarbeidar
  • Erfaring og kunnskap med å arbeide med menneske med psykisk utviklingshemming
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Om deg

Vi søkjer etter medarbeidarar som har eit sterkt engasjement for denne brukargruppa, og som kan arbeide sjølvstendig, har pågangsmot og er fleksibel.

  • Du har godt humør, god omsorgsevne og flink til å bygge relasjonar.
  • Du er pådrivar for å skape ei god teneste og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du er initiativrik lagspelar som balanserer oppgåvene godt.
  • Du har evne til å skaffe deg oversikt og jobbe strukturert og planmessig.
  • Du er ansvarsbevisst og kan ta sjølvstendige avgjerslar


Personleg eignaheit vil bli vektlagd

Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar
  • Tilfredsstillande politiattest må leggast fram før tilsetting



(4530804419)