Er du helsefagarbeidar? Vil du arbeide i vakre Stad kommune? Vi søkjer akkurat DEG!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Helsefagarbeidar - Seljetunet Stad kommune Stad Fulltid

Om stillinga

Er du helsefagarbeidar og på utkikk etter nye utfordringar ? Sjå her!

Stad kommune ved Seljetunet omsorg og rehabilitering har ledig 2 stk 100% faste stillingar frå snarast.

Stillingane inkluderar 20% frie timar og det vert nytta årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i forhold til planlegging av arbeidstid. Stillingane har i hovudsak tredelt turnus og arbeid tilsvarande kvar 3.helg. Det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon.

Seljetunet omsorg og rehabilitering har totalt 48 plassar der 32 plassar er avsett til langtidsopphald i institusjon og 16 plassar er bemanna omsorgsbustader.

Ein har tre avdelingar for langtidsopphald, der den eine avdelinga er spesielt tilpassa bebuarar med behov for skjerming i kvardagen. Ein har i tillegg 6 senger til avlastingsopphald og korttidsopphald.

Seljetunet har hovudkjøkken som leverer mat til Seljetunet og til heimebuande i ytre del av Stad kommune.

Vi er opptekne av å utvikle tenestene i tråd med nasjonale føringar for morgondagens eldreomsorg. Vi arbeider målretta med kompetanseutvikling og eit best mogleg arbeidsmiljø for våre tilsette og legg vinn på god livskvalitet for bebuarane.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleieoppgåver til bebuarane i tråd med gjeldande kvalitetskrav
  • Oppfølging og dokumentasjon av tenesteytinga i pasientjournal etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Rettleie lærlingar, medarbeidarar og andre

Kvalifikasjonskrav

  • Offentleg godkjend helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
  • Er du i sluttfasen av utdanninga til helsefagarbeidar kan du også søkje
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg

Om deg

  • Likar å jobbe med eldre
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Har fokus på etikk

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Flyttegodtgjersle


Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga. Vi ber også om at søkjarar opplyser om relevante referansar av nyare dato.

Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.