Om stillinga
Avdeling Gotatoppen har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar, med oppstart snarast.
Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med 3 avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen - med 8 brukarar på kvar avdeling.
Det blir lagt vekt på godt arbeidsmiljø og god kvalitet i tenestene.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene består av personleg og praktisk hjelp, helsehjelp og miljøarbeid med tilpassa aktivitetar i forhold til demensomsorg/alderspsykiatri, primærkontaktansvar og samarbeid med pårørande.
Kvalifikasjonskrav
- Vi søkjer etter ein medarbeidar med godkjent utdanning som helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar, med gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Det er ønskjeleg med praksis frå demensomsorg/alderspsykiatri.
Om deg
- Vår nye medarbeidar må ha interesse for demensomsorg/alderspsykiatri og kunne formidle tryggleik og ro
- Vi søkjer etter ein ansvarsbevisst medarbeidar med evne til samarbeid, som kan jobbe både sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
- Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
- Stillinga er organisert i årsturnus