Helgestillingar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Deltid

Om stillinga

Interkommunale helsetenester ved Nordfjord sjukehus har ledig ei fast 14 % helgestilling, som sjukepleiarstudent, helsefagarbeidar eller ambulansefagarbeidar . Stillinga har per no dagvakter frå 10 -17.30 laurdag og søndag, kvar 3 helg. Arbeid på heilagdagar må medreknast, og blir fordelt på tre tilsette i helgestilling . Stillinga er ledig frå 01.08.22.
Stad kommune er vertskommune for interkommunale helsetenester. Eininga omfattar legevakt, legevaktformidling og øyeblikkelig hjelp døgneining. Tenesta dekkjer kommunane Stryn, Stad og delar av Kinn (tidlegare Vågsøy kommune). Som tilsett ved dei interkommunale tenestene/ØHD arbeider ein i team og tett opp mot lege og sjukepleiar i vakt. Ein har mange spennande og utfordrande oppgåver og arbeider både på sengepost og på legevakt. Nordfjord legevakt er bemanna av fastlegane i Nordfjord. Det er ein fordel med interesse og erfaring frå akuttmedisin og sengepost.

Arbeidsoppgåver

  • Observasjon, pleie og behandling på sengepost
  • Leggje til rette og assistere ved undersøkinga og behandling på legevakt
  • Ta prøver og måling av vitalia
  • Ansvar for matservering, skylleromsarbeid og å holde avdelinga ryddig gjennom vakta
  • Vil også kunne delta på utrykking med legebil.

Kvalifikasjonskrav

  • Vi søkjer etter sjukepleiestudentar, helsefagarbeidar eller ambulansefagarbeidar

Om deg

  • Arbeider godt både i team og sjølvstendig
  • God til å kommunisere i akutte og krevande pasientsituasjoner
  • Fleksibel og gode samarbeidsevner
  • Likar utfordringar i arbeidskvardagen
  • Er struturert

Vi tilbyr

  • God opplæring og øving i akuttmedisin
  • Kollegaer med god kompetanse
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter tariff
  • God pensjons- og forsikringsordning


Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Stad kommune har 6 månaders prøvetid. Politiattest skal leverast før start i stillinga.Ynskje om førerkort kl B , men ikkje ei forutsetning for stillinga.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med einingsleiar ved Interkommunale helsetenester, Grete Aud Totland, eller avdelingsleiar Marte Havåg Bjørlo