Helgastilling ved Svelgen omsorgssenter

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Bremanger kommune Bremanger Deltid

Om stillinga


Ved Svelgen Omsorgssenter er det ledige helgastillingar frå snarast.
Vi søkjer medarbeidarar med fagbrev innan helsefag, men andre med erfaring og interesse for faget kan søkje. Stillingane har fortrinnsvis arbeid 2. kvar helg

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer etter deg med erfaring frå pleie og omsorg, gjerne ferdig utdanna – eller under utdanning innen helse – og sosialfag.

Om deg

Vi søkjer deg som er ein motivert, fagleg engasjert, sjølvstendig og interessert medarbeider. For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar.

Vi tilbyr

Vi kan tilby utfordrande og spanande arbeidsoppgåver i godt arbeidsmiljø ilag med erfarne kollegar.
Svelgen Omsorgssenter stod ferdig i mars 2016. Her bur pasientane i lyse og trivlege omgjevnader
og medarbeidarane har fått ein heilt moderne og tilrettelagd arbeidsplass.

Arbeidsdagen hos oss er variert, kor du lærer mykje på kort tid. Svelgen Omsorgssenter har 48 bueiningar, fordelt på 5 avdelingar. Avdelingane er fordelt etter diagnoser og ulike hjelpebehov. Vi har også eit lindrande rom.
• utfordrande og spanande arbeidsoppgåver

Her får du:

• God pensjonsordning, og heildøgns forsikring
• Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personlig utvikling
• Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

Vi arbeider i årsturnus, kor medarbeidarane har anledning til å få innverke på arbeid –og fritida si.


Løn

Høgskulestudentar under relevant utdanning, lønnar Bremanger Kommune over tariff. Etter fullført godkjent utdanning vert ein lønna som fagpersonell som elles i kommunen. Tilsetjing skjer etter gjeldande lover og reglar.

Søkjarane må legge fram politiattest av nyare dato.

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!