Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Hovedbilde

Har du interesse for handverkstradisjon og kulturarv?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Handverkar Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Gloppen Fulltid
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Logo

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane

Gota 16
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Thomas Walle, avdelingsdirektør for forsking og bevaring
926 22 055

Søknadsfrist

11. april 2021 Søk på stillinga her

Om stillinga

Om Avdeling for forsking og bevaring

Avdeling for forsking og bevaring har ansvar for forvalting og bevaring av samlingar og bygg i Musea i Sogn og Fjordane, og koordinerar forskingarbeidet innafor musea sine fagområde. I avdelinga er det 9 handverkarar og 6 konservatorar, samt fleire faste og mellombelse stillingar knytt til samlingsforvaltingsarbeidet. Dei tilsette i avdelinga har dagleg oppmøte på dei ulike musea i Musea i Sogn og Fjordane, men samarbeider om dei faglege oppgåvene.

Handverkarstillinga har dagleg oppmøte på Nordfjord Folkemuseum på Sandane i Gloppen kommune. Dette er eit friluftsmuseum med 44 antikvariske bygningar, den siste store jekta i Noreg, og ei stor samling kulturhistoriske gjenstandar. Les meir om oss på denne lenkja

Arbeidsoppgåver

Som handverkar i Musea i Sogn og Fjordane vil du i all hovudsak arbeide med restaurering og vedlikehald av dei kulturhistoriske bygningane på våre museum. Stillinga har hovudansvar for bygningane på Nordfjord Folkemuseum. Som handverkar er du ein del av Avdeling for forsking og bevaring, kor du vil svare til Avdelingsdirektør for denne avdelinga. Du vil samarbeide tett med dei 8 andre handverkarane i avdelinga for å gjennomføre større restaureringsprosjekt på tvers av dei ulike musea. Oppgåver og prosjekt gjennomførast i tråd med felles plan for antikvarisk bygningsvern i avdelinga.

Dine arbeidsoppgåver vil blant anna vere:

  • Forvalte museets kulturhistoriske bygg
  • Tilsyn, vedlikehald og restaurering av bygningar og bygningsdelar
  • Bidra på felles restaureringsprosjekt i MiSF på andre arena
  • Ta del i formidlingsopplegg knytt til handverkar sin kompetanse

Som handverkar må du trivast med variasjon i arbeidsoppgåver og arbeidskvardag, og evne å arbeide effektivt aleine og i samarbeid med andre. Arbeidstida er stort sett stabil, men vil kunne variere noko med involvering på ulike prosjekt og i sesong.

Handverkarane i MiSF har stor respekt for det antikvariske abeidet, er stolte av faget sitt og opplever arbeidet som meiningsfult. Det er eit godt fagmiljø med høg kompetanse og derfor også ein god læringsarena.

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer deg som har:

  • Tømrarfag/sveinnebrev (krav)
  • Fagskule/kurs innan bygningsantikvarisk handverk, bygningsvern og restaurering (fordel)
  • Erfaring frå tømrararbeid (krav)
  • Erfaring med bygningsantikvarisk arbeid (fordel)
  • Sertifikat, bil klasse B

Det er store moglegheiter for vidare kompetanseutvikling i stillinga

Om deg

Som handverkar må du trivast med å arbeide åleine, og evne å utføre planar og arbeid med engasjement og uthaldenheit slik at du oppnår kvalitetsmessig gode resultat. Du må kunne jobbe metodisk og systematisk med arbeidsoppgåvene, i samsvar med dei standardane for antikvarisk arbeid som forvalting av kulturhistoriske bygningar krev. Det er forventa at du kan planlegge, prioiritere og fordele ressursar effektivt i samsvar med handlingsplanane i avdelinga.

Som del av handverkargruppa er det forventa at du evnar å samarbeide godt med andre, deler av din kunnskap og erfaringar, samt støtter andre for å nå felles mål i avdelinga. Det er ein fordel om du er i stand til å byggje nyttige nettverk både internt i organisasjonen og eksternt i relevante fagmiljø. Som handverkar i Musea i Sogn og Fjordane forvaltar du viktig handverkskompetanse, og du må ha evna til å demonstrere fagleg kunnskap innan eige fagfelt og vere oppteken av å utvikle deg fagleg.

Handverkar vil også samarbeide med tilsette ved dei andre avdelingane, til dømes i formidlingsopplegg, og då særleg i samarbeid med dei tilsette ved Nordfjord Folkemuseum.

Vi tilbyr

om tilsett i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) vil du vere del av eit dynamisk arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og stort engasjement.

MiSF er ei IA-verksemd, og vi tilbyr god pensjonsordning gjennom KLP.

Stillinga som Handverkar blir løna etter avtale, og har stillingskode 1203 iflg. Landsoverenskomsten for museum (Virke).

Søknadsfrist 04.04.2021.


Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane Kulturbilde