Gardsstyrar på økologisk skulegardsbruk Bilde

Vil du bli vår nye gardsstyrar i vakre Aurland?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Gardsstyrar på økologisk skulegardsbruk Vestland fylkeskommune Aurland Fulltid
Vestland fylkeskommune Logo

Vestland fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norge
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Børre Solberg
41219505

Søknadsfrist

22. mai 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH), landsline i økologisk landbruk har ledig stilling som gardsstyrar. No kan du søkje ein særs spennande jobb i eit sterkt fagleg miljø.

Sogn Jord- og Hagebruksskule ligg sentralt i Aurland kommune – ein vidaregåande skule med landslinje i økologisk landbruk med plass til 52 elevar fordelt på Vg2 Landbruk og gartnernæring økologisk og Vg3 Landbruk økologisk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga. Skulen har elles gartneri, ysteri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og har eige ressurssenter som har ansvar for all oppdragsundervising. Skulen ynskjer å vera ein utviklingsaktør innan økologisk landbruk og bygdenæringar.

Arbeidsoppgåver

Planlegge og koordinera gardsdrifta i lag med:

  • dei ansvarlege for undervisningsavdelinga
  • arbeidsleiarane på garden

Personalansvar for dei tilsette i gardsdrifta
Økonomiansvar for gardsdrifta
Ansvar for vidareutvikling av gardsdrifta

Kvalifikasjonar

  • Kunnskap og erfaring frå drift av ein allsidig driven økologisk gard
  • Leiarerfaring med personalansvar
  • Interesse og erfaring med utviklingsarbeid på gardsnivå
  • Evne til å skapa eit godt læringsmiljø for elevar på skulegarden

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og tydeleg
  • Omgjengeleg
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

Ein allsidig arbeidsstad med trivelege medarbeidarar
Vanlege fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
Løn etter gjeldande tariffavtale
Pensjons- og forsikringsordningar
Hjelp til å skaffa bustad