Fysioterapeut - vikariat

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Gloppen kommune Gloppen Fulltid
Gloppen kommune Logo

Gloppen kommune

Grandavegen 9
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Margot Andenes
578 83 800

Søknadsfrist

31. mai 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vi har ledig 100 % vikariat/engasjement som fysioterapeut ved Fysio- og ergoterapitenesta frå 1. september 2022 til 30.juni 2023.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging/funksjonsvurdering/tilrettelegging for vaksne og eldre i kommunen som har hatt eit funksjonsfall. Trening individuelt og i grupper.
  • Ivareta brukarmedverknad i samhandling med andre faggrupper.
  • Arbeide tett og forpliktande med resten av kommunen sitt tenestetilbod.
  • Delta i arbeidet ved Frisklivssentralen med frisklivs-,lærings- og meistringstilbod

Kvalifikasjonskrav

  • Vi søkjer etter ein medarbeidar som er offentleg godkjent fysioterapeut og norsk autorisasjon
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid i kommunehelsetenesta.
  • Det er viktig med god norskkunnskap, IKT-kompetanse og god evne til skriftleg og munnleg framstilling.

Om deg

  • Vår nye medarbeidar må ha fagleg engasjement, evne til å motivere og byggje gode relasjonar med brukarar og kollegaer
  • Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og ha gode evner til samarbeid og kunne arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagd.

Vi tilbyr

  • Samarbeid med engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåve.
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår som er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
  • Det må leggast fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding.