75% avtaleheimel for fysioterapeut

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Fysioterapeut Ullensvang kommune Ullensvang Deltid

Om stillinga

Ullensvang kommune har ledig 75% avtaleheimel knytt til Tunvoll fysikalske institutt på Lofthus. Tunvoll fysikalske institutt har 1,75% avtaleheimlar fordelt på 2 personar. Lokala ligg i 2 etg. over Tunvoll trimstove. Lokala har tilgang på eige behandlingsrom, kontorplass og har mogelegheit til å benytte treningssenteret Trimstova ved pasientrelatert arbeid i fysioterapitenesta si opningstid. Heimelen er ledig frå 01.08.22.


Arbeidsoppgåver

  • Drifte eit aktivt fysioterapitilbod til innbyggjarane i kommunen.
  • Allmenn fysioterapi.
  • Utøve pasientbehandling på institutt og, om naudsynt, i heimen.
  • Aktiv og heilskapleg tilnærming til brukarane.
  • Individuell behandling og gruppetrening.
  • Tett samarbeid med resten av kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta.
  • Praksis skal utøvast i nært samarbeid med fysioterapeutar i kommunen, ut frå gjeldande kommunale føringar, målgrupper, behandlingstilbod, fordelinga av pasientar og ventelister. Kommunen sine prioriteringsnøklar skal nyttast.

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent fysioterapeut med norsk autorisasjon.
  • Gode ferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg.
  • Ynskje om brei og relevant fagleg kompetanse, og klinisk erfaring innan allmenn fysioterapi.
  • Evne til å driva sjølvstendig næringsdrivande fysioterapipraksis. Fordel med erfaring frå privat praksis.
  • God kjennskap til IKT-verktøy og elektronisk samhandling.
  • Kjennskap til ASA 4313 og Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar med kommunal driftsavtale, og innhaldet i desse.
  • Førarkort klasse B.
  • Politiattest vert kravd før tilsetjing, jmf. Lov om helsepersonell § 20 a.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg med tenesteytarar i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.
  • Sjølvstendig, fleksibel og strukturert.
  • Systematisk, ryddig og påliteleg i drift av avtaleheimelen.
  • Motivert for å driva utviklingsarbeid i tenesta, og ha interesse for framtidsretta tenesteyting.
  • Engasjement for å skape og forme ein god praksis.
  • Det er forventa at du yter kunnskapsbasert fysioterapi, og held deg fagleg oppdatert gjennom jamlege kurs og kompetanseheving.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tildeling av avtaleheimel.

Anna

  • Ullensvang kommune stiller krav om bruk av journalsystemet Physica.
  • Tildeling og overdragelse av avtaleheimel skjer etter vilkår som går fram av ASA 4313.
  • Praksis skal drivast etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester, ASA 4313, Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar med kommunal driftsavtale og kommunen sitt planverk for helsetenester.

Velkomen som søkjar!


Link til søknadsskjema: Send søknad