Høgskulen på Vestlandet Hovedbilde

Førsteamanuensis / førstelektor/høgskulelektor i samfunnsgeografi

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høgskulen på Vestlandet Sogndal Fulltid
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Erin Fausa Pettersen
951 43 100

Søknadsfrist

20. mai 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Dette er høgskulen på Vestlandet


Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellmobels stilling i inntill 100% som førsteamanuensis/ førstelektor/høgskulelektor i samfunnsgeografi ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Stillinga inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved campus Sogndal og er ledig i tida 01.08.22 – 31.07.23.

Arbeidsoppgåver

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie, vurdere, følgje opp studentar i praksis og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil primært vera knytt grunnskulelærarutdanningane (integrert 5-årig master), men arbeid i andre utdanningar, kurs og oppdrag, kan bli aktuelt avhengig av søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.
  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga.

Kvalifikasjonskrav

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger
For tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha fullført doktorgrad i primært samfunnsgeografi, men andre samfunnsvitskaplege disiplinar kan også bli vurderte. For tilsetjing som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad med tilsvarande fagleg relevans som for førsteamanuensis.
For tilsetjing som høgskulelektor må søkar ha fullført mastergrad innanfor eit samfunnsvitskapleg fag (primært samfunnsgeografi) og med god karakter (normalt A eller B).
Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.


Følgande teller positivt i vurderinga:

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet.
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning.
  • Internasjonal erfaring.


Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskapleg arbeid (inntil 5 stk)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse. For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .


Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.
Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr

Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
Moglegheit for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis/1198 - førstelektor/1008 - høgskulelektor.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.


Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:
1) Assisterande instituttleiar Bente Opheim, Tlf. 55 58 58 64


Samspel, bærekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.
Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Les meir på våre heimesider.

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde