Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Sparebanken Sogn og Fjordane | Sunnfjord | Fulltid |
Er du ein dyktig og engasjert relasjonsbyggar?
Sparebanken Sogn og Fjordane er medeigar i Frende Forsikring. Vi søkjer etter forsikringsrådgjevar som skal jobbe mot eksisterande og nye forsikringskundar på bedriftsmarknaden.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte:
Til stillinga søkjer vi deg som:
Som arbeidsgjevar kan vi tilby interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ein innovativ og framtidsretta bank, med eit godt arbeidsmiljø og eit sterkt fagmiljø. Vi tek godt vare på dei tilsette og har fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, og vi har konkurransedyktig løn og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.