Fagleiar ved kulturskulen

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Bremanger kommune Bremanger Fulltid

Om stillinga

100 % stilling som fagleiar ved kulturskulen.

Kulturskulen har ei viktig samfunnsrolle og skal legge til rette for gode oppvekstvilkår i Bremanger kommune. Bremanger kulturskule tilbyr undervisning innan instrumentopplæring, song og kunstfag. I tillegg sel vi dirigenttenester til kor og korps, samt undervisningspersonell til musikkundervisninga i grunnskulen. Kulturskulen samarbeider med grunnskule, frivillege lag og organisasjonar, bibliotek , institusjonar og det frivillege kulturlivet.

Fagleiar skal legge til rette for at kulturskulen har eit tilbod både i bredde og djupne. Kulturskulen er organisert under oppvekst, kultur og fritid. Stillinga er 100 % fast stilling fordelt på 40 % administrasjon og 60 % undervisning.

Arbeidsoppgåver

  • Undervise einskildelevar og grupper innan kulturskuledrifta
  • Følgje opp den daglege drifta av kulturskulen
  • Samarbeide med brukarar av kulturskuletenester.
  • Kulturfagleg, pedagogisk og administrativ leiar for utvikling av kulturskulen

Kvalifikasjonskrav

  • Høgare kulturfagleg utdanning
  • Erfaring frå arbeid med born og ungdom
  • Erfaring med administrasjon
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • Er løysingsorientert og fleksibel

Den vi tilset må legge fram tilfredsstillande politiattest.

Om deg

  • Har gode kommunikasjons og samarbeidsevner
  • Sjølvstendig, nytenkande, kreativ og utviklingsorientert
  • Har erfaring og kompetanse i kulturarbeid.

Vi tilbyr

  • Meiningsfylt arbeid og faglege utfordringar
  • Godt arbeidsmiljø – trivielege kollegaer
  • Tilsetting på kommunale vilkår
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Hjelp til å skaffe barnehageplass