Hyllestad kommune Hovedbilde

Vi treng ny ergoterapeut

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Ergoterapeut Hyllestad kommune Hyllestad Fulltid

Om stillinga

Helse- og omsorgstenestene i Hyllestad har ledig 100 % fast stilling som ergoterapeut. Ergo- og fysioterapitenesta har fokus på helsefremjande og førebyggande tenester, behandling, rehabilitering, god samhandling med andre tenester og brukarmedverknad. Vi yter tenester til alle aldersgrupper, både heimebuande og dei på institusjon. Ergo- og fysioterapi inngår som ein del av eit tverrfagleg tenestetilbod, men blir også gitt som enkelttiltak.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging av funksjonar og tilpassing av aktivitetar/arbeidsvanar
  • Formidling og tilpassing av tekniske hjelpemiddel
  • Velferdsteknologi
  • Tilrettelegging av fysiske omgjevnader
  • Rettleiing, informasjon og undervisning
  • Individuell trening og/eller gruppetrening
  • Kvardagsrehabilitering

Kvalifikasjonskrav

  • Bachelor i ergoterapi/norsk autorisasjon som ergoterapeut
  • Gjerne erfaring frå yrket
  • Du er tillitvekkande
  • Du har gode kommunikasjonsevner og likar å arbeide saman med andre
  • Generelt god IKT-kompetanse
  • Førarkort for personbil (B)
  • Det må framvisast tilfredsstillande politiattest og helseattest før tiltreding

Om deg

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du har evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag
  • Medansvar for å fremje eit godt arbeidsmiljø, positiv, serviceinnstilt og fleksibel
  • Du har evne til å jobbe sjølvstendig og løysingsorientert
  • Du bidrar til å skape kontinuitet, fagutvikling, kvalitet og stabilitet på arbeidsplassen

Vi tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
  • Gode arbeidskollegaer
  • Arbeid i ei verksemd i utvikling og moglegheit til å vera med å påverka
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale
  • Hjelp til å finne bustad
  • Reduserte satsar i barnehagen
  • Bustadtilskot ved førstegangsetablering
  • Gratis trening i Hyllestadhallen
Hyllestad kommune Kulturbilde