Sognenett Hovedbilde

Kundekonsulent (Årsvikariat)

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Er du vår nye flinkis? Sognenett Sogndal Fulltid
Sognenett Logo

Sognenett

Dalavegen 25, 6856 Sogndal, Norge
6856 Sogndal
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Hilde Østbø
90066554

Søknadsfrist

12. juni 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Me søkjer etter ein kundekonsulent i vikariatstilling som skal vere vår røyst og andlet i møte med kundane. Som kundekonsulent hjå oss får du fridomen til å vere sjølvstendig og tenkje ut nye måtar å overgå kundens forventningar.

Arbeidsoppgåver

Du vil skape gode kundeopplevingar gjennom telefon, e-post og chat. Gjennom god rådgjevning og godt humør skal du syta for verdiskaping i lag med våre kundar. Arbeidskvardagen vert like variert som det er toppturar i Sogn, og me kan lova meistringkjensle og personleg utvikling.

Kvalifikasjonskrav

Du har ein interesse, og forståing, for tekniske løysingar – gjerne med ein teknisk utdanning i grunn, for det vert litt tekniske saker i denne lynraske internettverda.Me er på utkikk etter deg som ynskjer å overgå kundens forventningar, kvar dag, og det hender me må innom kundane for å sei hei. Difor er det lurt om du òg har førarkort, klasse B.

Om deg

Ein kjem langt med iver, glede og litt kvardagsmagi.
Personen me ynskjer å knytte til laget er framfor alt engasjert og initiativrik. Her er ingen idéar dumme! Det er tross alt over ein kaffikopp dei geniale idéane vert til.To ting gjer oss til den verksemda me er idag. Det er kundane, og dei som jobbar her. Difor må du vere ein menneskekjenner som får energi av å prate med andre og av å rådgje våre kundar. Du går i frå jobben hoppande glad med ei god kjensle etter å ha levert ditt beste kva gjeld gode kundeopplevningar.

Om du ynskjer å ta del i kundesenterutviklinga, er dette plassen for deg!

Vi tilbyr

Meir fart, Meir moro!

Med eit nettbruk som aukar raskt år for år er Sognenett godt etablert i ein spennande bransje, so her gjeld det å liggja i forkant!

Arbeidsmiljøet er inkluderande, og du er garantert å få minst éi latterkule for dagen. Sognenett kan aldri verte betre enn menneska som jobbar her. Difor er me opptekne av personleg utvikling – på alle plan. Sognenett er konkurransedyktige på løn, og me er sjølvutnemnte noregsmeistarar på humør. Kontora ligg mellom fjord og fjell sentralt i Sogndal. Forholda er med andre ord lagt godt til rette for ein jobbkvardag, og ein livsstil, fylt med Meir fart, Meir moro!

Stillinga er eit årsvikariat, med moglegheit for forlenging.

Me håpar å høyre frå deg! Send søknad med CV, vitnemål og attestar til:

Send oss ein e-post eller Sognenett AS, Dalavegen 25, 6856 Sogndal (merk: Søknad kundekonsulent).

Søknadsfrist: 12.06.2022

Oppstart: august/etter avtale

Me ber òg om at du legg ved eit eksempel i frå ei super kundeoppleving du har hatt, enten som kunde sjølv eller som kundehandsamar. Me er alltid på jakt etter inspirasjon!