Brødrene Aa Hovedbilde

Er du ingeniøren vi ser etter?

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Brødrene Aa Gloppen Fulltid

Om stillinga

Vi ser fram til å møte våre nye kollegaer i strukturavdelinga eller maskin og røravdelinga. Hovudformålet med avdelingane er å konstruere og teikne underlag til produksjon, utarbeide nødvendig dokumentasjon og sikre at vi leverer kvalitet til kunden.

I rolla som ingeniør i Brødrene Aa er du ein del av eit team som designar og konstruerer driftsoptimale fartøy. Vi ser etter deg som har utdanning og erfaring som skipsingeniør eller rør/mekanisk ingeniør. For oss er det eit pluss om du er ein kandidat med god forståing for bruk av teknologi, du har noko innsikt i klasse og myndigheitskrav innan faget du representerar, er nysgjerrig på å utvikle kompetanse og har kvalitet i din leveranse.

Ansvar og forventningar til stillinga blir tilpassa din bakgrunn og erfaring, og du vil få tittel prosjektingeniør, senior ingeniør eller overingeniør. Vi oppfordrar både nyutdanna og erfarne ingeniørar til å søke.

Du vil samarbeide med våre tilsette, som er dedikerte fagmenneske og har spisskompetanse innan sine områder. Saman vil de i stor grad bidra i små og store kvardagsinnovasjonar av produktet.

Arbeidsoppgåver

  • Teknisk teikning for produksjon og ettermarknad
  • Berekningar
  • Utarbeide av dokumentasjon til klasse/myndigheit
  • Produktutvikling
  • Medverke til at Brødrene Aa oppretthalde sin posisjon som leiande produsent av høgteknologisk fartøy.


Kvalifikasjonskrav

  • Ingeniørhøgskole / Teknisk fagskole
  • Erfaring frå verft eller skipskonsulentfirma
  • Erfaring med AutoCad og Rhino o.l.
  • Gode norsk og engelskkunnskapar skriftleg og munnleg.
  • Kjennskap om reglene til anerkjente klasseselskap (DNV, BV og HSC-2000)

Vi tilbyr

Spannande arbeidsoppgåver med tett prosjektarbeid

Godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer

Brødrene Aa Kulturbilde