Driftsansvarleg for kommunale park- og grøntanlegg

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Gloppen kommune Gloppen Fulltid
Gloppen kommune Logo

Gloppen kommune

Grandavegen 9
6823 Sandane
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Ivar Skeistrand
95066211

Søknadsfrist

31. januar 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Ved avdeling for kommunaltekniske tenester i Gloppen kommune er det ledig 100% fast stilling som driftsansvarleg for kommunale park- og grøntanlegg frå ca. 1. april ev. etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Hovudansvaret i denne stillinga er drift og stell av kommunen sine idrettsanlegg, parkar, sentrums- og andre grøntområde
  • Inngå i den tekniske vaktordninga kommunen har i dag
  • Sidan dette er ei stilling med mykje sesongarbeid, kan andre oppgåver bli lagt til stillinga, og då spesielt i periodar utanfor sesongarbeidet. Dette kan t.d. vere mekanisk arbeid, reperasjonar, vedlikehald og liknande, avhengig av søkjaren si bakgrunn.

Kvalifikasjonskrav

  • Vi søkjer etter ein medarbeidar med relevant bakgrunn, erfaring og interesse for arbeidsområda. Det er ikkje eit krav om fagutdanning for denne stillinga
  • Det er ønskjeleg med relevant og allsidig praksis
  • Datakunnskap, sidan kommunen nyttar m.a. FDV-system for sine eigedomar / anlegg.
  • Førarkort BE, C1, T

Om deg

  • Vi ønskjer oss ein strukturert, systematisk og engasjert person med stor interesse for arbeidsoppgåvene
  • Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst og kunne jobbe både sjølvstendig og i team
  • Vi vil legge stor vekt på at vedkomande er positiv, har godt humør og er motivert for ein utfordrande og spennande jobb

Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • For tilsetting gjeld prøvetid på seks månader.