Fjord1 AS Hovedbilde

Vi søker ein engasjert og motivert kollega for å komplettere vårt flotte Controller-team

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Controller Fjord1 AS Kinn Fulltid

Om stillinga

Ein av våre flotte medarbeidarar skal slutte og vi søker derfor ein ny engasjert og motivert kollega for å komplettere vårt flotte Controller-team. Du vil i dette teamet bli ein del av ein super dyktig, fleksibel og hardt arbeidande gjeng som består av 4 controllera og ein trainee. Controllerteamet er organisert under vår økonomiavdeling. Totalt er vi om lag 20 personar knytt til økonomiavdelinga.

Controller teamet er eit knutepunkt mellom operativ drift, økonomi og leiing. Teamet har ansvar for den finansiell rapporteringa til desse einigane. Du må evne å identifisere bakanforliggande årsaker i talla og formidle dette til organisasjonen. For å lykkast med dette må vi som team ha fokus både på nåtid og fremtid, og forstå forretninga utover det reint tallmessige. Temaet er opptatt av å levere god kvalitet til rett tid.

Vi vil være eit moderne og fremtidsretta controller team, og søker ein kollega som ønsker å ta ei aktiv rolle for å nå dette målet. Du bør derfor ha ein interesse for system, analyse og rapportering . Mykje av vår rapportering skjer gjennom BI verktøy, og kjennskap til slike er en fordel. Vi er eit team som jobbar tett, og samhandling og informasjonsdeling er viktig. Samtidig må du kunne arbeide sjølvstendig når dette krevast.

Høyrest dette interessant og spennande ut? Vil du høyre meir?

Ta kontakt då vel!

Mogelege arbeidsoppgåver

  • Utarbeiding av finansielle rapportar til ledelse og beslutningstakarar
  • Budsjettering, og prognosearbeid
  • Likviditetsstyring
  • Support/bistand til linje- og prosjektleiarar i økonomirelaterte spørsmål og utfordringer
  • Utføre økonomiske analyser
  • Delta i prosjektarbeid
  • Finansrelaterte oppgåver

Ønska kvalifikasjonar

  • Masterutdanning
  • Relevant arbeidserfaring
  • Gode modelleringskunnskaper og erfaring med relevante verktøy som til dømes excel, BI tools, prognoseverktøy etc.
  • Gode skiftlege og muntlige kommunikasjonseigenskaper, norsk og engelsk
  • Grunnleggande rekneskap- og forretningsforståing

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og systematisk arbeidsform
  • Nysgjerrig, resultatorientert og fleksibel
  • Analytiske ferdigheiter
  • Evne til å arbeide godt i team, men også sjølvstendig
  • Oppteken av kvalitet i arbeidsoppgåvene

Vi tilbyr

  • Ei engasjerande og utfordrande stilling
  • Eit arbeidsmiljø prega av entusiasme og arbeidsglede
  • Dyktige kollegaer
  • Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
  • Fleksible arbeidsordningar
  • Moglegheiter for fagleg- og personleg utvikling
  • Gode velferdsordningar
  • Topp moderne og nye kontorlokale sentralt i Florø

Les meir om kva du får når du jobbar i Fjord1 her.

Fjord1 AS Kulturbilde