Trainee innan bygg- og miljøteknikk Bilde

Bystøl søker trainee innan bygg- og miljøteknikk

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee innan bygg- og miljøteknikk Bystøl Vik Trainee
Bystøl  Logo

Bystøl

Tomtebu 2, 6893 Vik i Sogn
6893 Vik i Sogn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Jens Melheim
41 21 55 17

Søknadsfrist

15. mars 2021 Søk på stillinga her

Du søker direkte til Bystøl på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Om stillinga

Vi søker etter ein sivilingeniør innan bygg-og miljøteknikk til vårt kontor i Vik i Sogn. Me kan tilby eit fleksibelt arbeidsmiljø med kort veg til sjefen og stor fridom til å styra eigen arbeidsdag.

Bystøl AS er eit rådgjevande ingeniørfirma innan bygge-og anleggsteknikk med 19 tilsette. Vi er eit uavhengig selskap eigd av dei tilsette med hovudkontor i Vik i Sogn. Hovudaktiviteten er detaljprosjektering av småkraftverk. Hovudvekta av oppdrag er på Vestlandet, men me arbeider også i land som Uganda, Nord-Makedonia og Indonesia. Bystøl AS har prosjektert over 75 kraftverk med samla årsproduksjon på over 1000 GWh og me har mange fleire på gang. Sjå meir på: www.bystol.no

Arbeidsoppgåver

Du kjem til å arbeida med spennande og utfordrande arbeidsoppgåver innan vasskraft og byggebransjen.

Kvalifikasjonskrav

Vi søker etter ein master/sivilingeniør innan bygg-og miljøteknikk.

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Om deg

Me er spesielt interesserte i deg som er god på vassdragsteknikk, konstruksjonsteknikk eller anleggsteknikk og likar å reisa litt. Vi legg vekt på at du skal arbeida med prosjekt du likar og kjenner eigarskap til, og at du arbeider i team. Då trivast du og yter betre.

Vi tilbyr

Me kan tilby ein kultur med opne dørar inn til alle kontor og me brukar bevisst tid på å hjelpa kollegaer og løysa problem og utfordringar i fellesskap. Me brukar ikkje mykje tid i Bystøl på å utarbeide fine websider og brosjyrar med visjonar, verdigrunnlag og elles strategiarbeid. Me tek oss heller ein tur eller to i året i lag, ser på prosjekt under bygging eller ferdigstilling eller besøkjer leverandørar i utlandet, et god mat og søv på spesielle hotell. At me gjer det me har lyst til og tykkjer er interessant speglar også prosjekta me arbeider med. Me ynskjer å vera ein fleksibel arbeidsplass som tek vare på kvar enkelt tilsett.

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2021 til august 2022.

Bystøl  Kulturbilde