Brannkonstabel i Svelgen

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Bremanger kommune Bremanger Deltid

Om stillinga


Bremanger brann og redning har ledig ei deltidsstillingar som brannkonstabel ved Svelgen stasjon. Bremanger brann og redning er organisert med fem brannstasjonar og tre depot, og har om lag 55 deltidsmannskap. Alle mannskapa i Bremanger brann og redning har plikt til å bere radio.

Arbeidsoppgåver

Deltidsbrannkonstabel i Svelgen har døgnkontinuerleg helgevakt frå fredag til måndag, kvar femte veke.
Kvart vaktlag består av tre brannkonstablar i tillegg til utrykningsleiar med vekevakt-turnus.
Det vert halde øving for vaktlaget fredag ettermiddag i vaktperioden, i tillegg til fellesøvingar 1-4 gongar i året. Totalt 10-13 øvingar.

Kvalifikasjonskrav

  • Arbeidsstad og bustadadresse innanfor rimeleg tid frå brannstasjonen
  • Må oppfylle fysiske og medisinske krav til røykdykking.
  • Førarkort kl B.
  • Skriftleg godkjenning frå hovudarbeidsgjevar.
  • Vere villig til å gjennomføre nødvendig opplæring/kurs som brannsjefen pålegg.
  • God samarbeidsevne og fleksibilitet.
  • God norskkunnskap, munnleg og skriftleg.

Om deg

  • Førarkort klasse C og utrykkingsførarkort kode 160 for køyring av brannbil.
  • Fyrstehjelpskompetanse.
  • Bakgrunn innan beredskap, redning og tryggleik.

Aktuelle søkjarar må gjennomgå helsesjekk og fysisk test før tilsetjing.

Den som får stillingane må legge fram helse- og politiattest.

Vi tilbyr

Stillingane vert lønna etter eige lønnsregulativ og med fast årleg godtgjerdsle for bering av radio.

Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår gjeld, herunder 6 mnd. prøvetid.