Økonom Bilde

Vi søker dyktig økonom til våre kontor i Førde og Årdal

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Økonom BDO AS Fulltid

Om stillinga

BDO er i flott vekst og søker etter deg som vil bli ein del av vår satsing i Førde og Årdal.

Sentrale arbeidsoppgåver vil vere revisjonsarbeid, sjølvstendig eller i team innanfor dei fleste bransjar i næringslivet, samt bistandsoppdrag.

BDO er eit av Norges største revisjonsselskap med 1 800 tilsette i Norge. BDO i Nordvest har kontor på Sandane, Måløy, Førde, Årdal, Florø, Stranda, Ulsteinvik, Brattvåg og Ålesund, der vi leverer revisjonstenester og rådgjeving til eit breitt spekter av det lokale næringslivet. Vi bryr oss om kundane våre, og er tett på det lokale næringslivet og kjenner kundane våre sine utfordringar godt.

Våre dyktige, motiverte og engasjerte medarbeidarar søker alltid å gje verdifulle råd og tilbakemeldingar som effektiviserer og forbetrar kvardagen for kundane. Vårt arbeidsmiljø er prega av ein uformell tone der lagfølelsen og gjensidig respekt er tydeleg. Hos oss får du både påverke, lære og utvikle deg vidare. Framfor alt blir du del av eit fellesskap som er prega av ekte engasjement og høg kompetanse.

Vår nye revisjonsmedarbeidar kan sjå fram til ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag.

Vi ynskjer oss ein kollega som:

  • Er utdanna bachelor eller master i økonomi og/eller MRR
  • Erfaring frå revisjon, regnskap eller er nyutdanna
  • God IT- og systemforståing, interesse for å utnytte tekniske løysingar
  • Gode analytiske evner

Dine personlege eigenskapar er gjerne:

  • Som person er du strukturert og systematisk
  • Du er løysingsorientert og initiativrik
  • Du er glad i å snakke med kundar
  • Du har høg integritet
  • Du har mot til å utforske og utfordre
  • Du har evne og vilje til å dele kunnskap

I tillegg er det viktig at du har endringsvilje. Faget vårt og rammevilkåra vi opererer i endrar seg kvar einaste dag. Det gjer at vi heile tida må forbetre oss, ta initiativ til og vere opne for nytenking, nye løysingar og nye måtar å jobbe på.

Hos oss får du ein flott stad å jobbe og:

  • Ein variert og utfordrande stilling i eit av Norges største rådgivings- og revisjonsselskap
  • Personleg læring gjennom utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode vilkår og utviklingsmoglegheiter
  • Eit profesjonelt team i ryggen som lærer og støttar
  • Kompetanseutvikling gjennom eit omfattande kurs- og rettleiingsprogram
  • Dyktige og engasjerte kollegar med fagkunnskap som spenner breitt
  • Eit uformelt og godt sosialt arbeidsmiljø med kollegaer som bryr seg om kvarandre