Barnehagelærar ved Svelgen oppvekst, avd. barnehage

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Bremanger kommune Bremanger Fulltid

Om stillinga

Svelgen oppvekst er eit oppvekstsenter med 2 barnehagar og ein barne- og ungdomsskule, og er den største driftseininga innan oppvekstsektoren i kommunen. Svelgen barnehage har 4 avdelingar med born i alderen 2 – 6 år. Langeneset barnehage har 2 avdelingar med born i alderen 1 – 3 år. Både barnehagane og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Barnehagane arbeider tett saman og har felles pedagogisk plattform. Vi har tilpassa og utvikla vår eigen metodikk i høve til PALS, og vi arbeider målretta i høve til språk og resultatleiing. Bremanger kommune arbeider og med satsinga ; «Inkluderande barnehage- og skulemiljø», og vi har valt INKLUDERANDE BARNEHAGAR som fokustema. Psykisk helse, mangfald og samarbeid med heimen er hovudtema i satsinga.

Frå 01.08.22 har vi ledig inntil ei 100 % fast stilling for barnehagelærar

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide målretta i høve til barnehagen sitt pedagogiske arbeid og satsingsområde, i samarbeid med resten av personalet, foreldre og andre samarbeidspartnarar.
  • Bidra til kompetanseheving og nytenking i barnehagen.
  • I samarbeid med pedagogisk leiar ha eit fagleg ansvar for ei barnegruppe.
  • Ha fokus på fagleg utvikling, rettleiing og dokumentasjon.

Kvalifikasjonskrav

  • Godkjend barnehage-/ førskulelærarutdanning. Andre kan òg søke.
  • Det er ønskeleg med spesialpedagogisk kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode norsk-kunnskapar

Om deg

  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
  • Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
  • Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
  • Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
  • Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
  • Du trivast med, og har helse til å vere ute i all slags ver.

Vi tilbyr

  • Meiningsfylt arbeid og faglege utfordringar
  • Godt arbeidsmiljø – trivelege kollegaer
  • Tilsetting på kommunale vilkår
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Hjelp til å skaffe barnehageplass