Avdelingsleiar heimetenesta - Bryggja

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stad kommune Stad Fulltid

Om stillinga

Heimetenesta har ledig 100 % vikariat som avdelingsleiar med arbeidsstad for tida ved Bryggja omsorgssenter.
Stillinga er ledig frå 01.09.2022 til 31.08.2023 med mogleg forlenging dersom det er behov. Stillinga er delt mellom 50 % administrativ tid og 50 % turnusarbeid ved Bryggja heimeteneste og bufellesskap. Stillinga har dagarbeidstid måndag til fredag.
Avdelingsleiar er organisert under einingsleiar for heimetenesta i Stad. Som avdelingsleiar vert du ein viktig del av heimetenesta sitt leiarteam og får høve til å bidra i og påverke i eininga. Leiarteamet er samansett av einingsleiar, assisterande einingsleiarar og avdelingsleiarar på Nordfjordeid, Bryggja og Selje/Stadlandet .
Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og gir tenester til heimebuande i heile kommunen. Vi gir mellom anna praktisk bistand, heimesjukepleie og lindrande behandling. Som tilsett vil du arbeide tverrfagleg saman med andre tenester for å gi eit best mogleg fagleg tilbod.
Som tilsett i heimetenesta vil du få ansvarsfulle administrative og faglege oppgåver. Du vil kunne utvikle deg og få påverke tenesteutviklinga.
Vi søkjer deg som er innovativ og som ynskjer å jobbe med kontinuerleg forbetringarbeid. Du vil få bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga.
Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. Vi ønskjer akkurat DEG med på laget!

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg ansvar og oppfølging av tenester til brukarar
  • Følge opp og rettleie tilsette i å dokumentere i elektronisk pasientjournal samt oppfølging av dette
  • Ajourføre ressursstyring (RS) og arbeid i plan
  • Utarbeide turnusplanar
  • Følge opp og rettleie nytilsette, studentar, elevar og lærlingar
  • Ansvar for dagleg organisering av arbeidet i avdelinga, herunder planlegging og gjennomføring av bemanning og arbeidslister
  • Ansvar for at rutinar vert følgde
  • Skaffe vikarar
  • Direkte brukarretta arbeid
  • Personaloppfølging etter avtale med einingsleiar

Kvalifikasjonskrav

  • Offentleg godkjend/ autorisert sjukepleiar
  • Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
  • Ha leiarerfaring eller motivasjon til å vere leiar
  • Ha gode rolle-, system- og organisasjonsforståing
  • Er oppdatert på nasjonale mål og på relevant lov- og avtaleverk
  • Kan tileigne seg og nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap
  • Ha gode strategiske og analytiske evner

Om deg

  • Har gode kommunikasjons- og formidlingsevner både munnleg og skriftleg
  • Har god relasjonell kompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid
  • Du jobbar for eit kontinuerlig godt og utviklande arbeidsmiljø
  • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
  • Du er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Du tek initiativ og ansvar
  • Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre


For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar.

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilbod om flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår
  • Tilrettelegging for vidareutdanning på område som kommunen har behov for


Ved evt. intern tilsetjing, kan det bli ledig andre stillingar.
Vi ber om at vitnemål og attestar ved lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga.
Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.